Bu- og avlastingstenesta

Tilbyr avlasting og butilbod til barn og unge med særskilde behov og funksjonsnedsettingar. Me tilbyr heildøgns- og dagavlasting, skuletilbod og fritidstilbod.

Avlastinga er bemanna 24/7. Det er eit felles dagtilbod måndag, onsdag og fredag på Einekavane. Dette er eit samarbeid mellom Einekavane, kommunen, kulturskulen og avlastingstenesta. Her tilbyr me musikkterapitimar og andre fellesaktivitetar for gruppa i eit tilrettelagtmiljø på Matre. Det er og tilbod om bassengterapi i Modalen onsdagane.

Elles får brukarane med tilrettelagte dagtilbod ein variert kvardag med arbeidspraksis i bedrifter i nærmiljøet, ADL-trening, dataopplæring,  musikkopplæring, vaksenopplæring, fysisk aktivitet og sosial trening.

Bu- og aktivitetssenteret har som mål å tilrettelegge og tilpasse miljøet og gje brukarar ein trygg og meiningsfylt kvardag.

Kontaktinformasjon og personale

Linda Vågseth, koordinator for bu- og avlastingstenesta

Det er 20 tilsette i ulike stillingsstorleikar, som til saman utgjer 11,8 årsverk.  I 2019 har alle i Svingen fullført kurs med velferdsteknologien si ABC og det er starta opp med nytt kurs i Mitt Livs ABC. 


Sist oppdatert: 15.12.2021
Publisert: 20.04.2018