Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

  • BPA er ein alternativ måte å organisere praktisk bistand og opplæring og støttekontakt på,  for personar med nedsett funksjonsevne, som har behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen. Dette gjeld t.d. praktiske oppgåver i hushaldninga, direkte personleg hjelp med hygiene, påkledning, mat m.v. 
  • Helsetenester er ikkje omfatta av denne ordninga.
  • BPA skal medverke til at personar med bistandsbehov får eit aktivt og mest mogeleg uavhengig liv til tross for funksjonsnedsetting.
  • BPA er hovudsakleg retta mot personar med langvarig behov utover 2 år med stort  behov for tenester.  Med stort behov meinast i utgangspunktet 32 timar pr. veke.
  • I  prinsippet inneber BPA ordninga at du sjølv har rolla som arbeidsleiar, eller andre personar på vegne av eller i samarbeid med deg.

Slik søkjer du

Kva skjer vidare?

  • Søknaden din vil bli vurdert og me vil finne det tilbodet som passar best i samråd med deg.
  • Me tar kontakt med deg, dersom me treng fleire opplysningar eller ynskjer å koma på heimebesøk.

Kva kostar det?

Den personlege hjelpa er gratis. Får du hjelp til husarbeid i heimen din, må du betale eigendel for praktisk bistand. Lenke til dokumentet eigenbetaling i Pleie og omsorg.
Det er den samla inntekta i husstanden din som avgjer kor mykje du skal betale.

Kva får du?

  • Du får assistentar som kan hjelpe deg med personlege og praktiske gjeremål.
  • Du styrer kva assistentane skal gjere og når assistentane skal være hjå deg,  innanfor dei timerammer som inngår i vedtaket.

Masfjorden kommune har pr. i dag  ikkje ei ordning for å velje leverandør av brukarstyrt personleg assistanse.


Sist oppdatert: 16.12.2021
Publisert: 16.12.2021