Støttekontakt

Har du behov for støttekontakt?

Slik søkjer du

Korleis fungerer ordninga?

Støttekontakten kan kome på besøk til deg, eller bli med deg på  t.d kafe, kino, trening eller arrangement og andre sosiale aktivitetar. Hjelpa bli gitt utifrå dine ynskjer og behov.
Støttekontakten har vanlegvis ikkje noko spesiell fagleg bakgrunn, men får rettleiing og oppfølging av kommunen.

Krav til søkjar:

Du må ha behov for hjelp til å å ivareta ei aktiv og meiningsfull fritid.

Kva skjer vidare?

Me vil prøve å svare deg så snart som mogeleg innan fire veker. Dersom me ikkje klarar det, tek me kontakt med deg og informerer om kor lang tid det vil ta før du får eit svar.
Me tek kontakt med deg, dersom me treng fleire opplysningar eller ynskjer å besøka deg for ein samtale.

Vil du bli støttekontakt?

Som støttekontakt får du godtgjersle frå kommunen for å hjelpe andre, som treng støtte til å få ei meir aktiv, meiningsfull og sosial fritid. Mange treng støttekontakt. Nokon klarar ikkje å kome seg ut på eiga hand, andre treng hjelp til å meistre ulike aktivitetar. Dei som treng støttekontakt er ulike og me har behov for ulike støttekontaktar.

Kven kan bli støttekontakt?
du bør vere minst 18 år
du må kunne leggje fram politiattest
du må vere trygg på deg sjølv og like å vere saman med andre
du bør vere tolerant og fleksibel, men samstundes evne å sette klare grenser
for å skape trygge rammer kring den du skal hjelpe, er det ein fordel om du bind deg for minst eitt år

Slik søkjer du om å bli støttekontakt

Til søknadsskjema

I søknaden skriv du litt om deg sjølv. Kva erfaring, utdanning og fritidsinteresser har du? Kva brukarar vil du helst jobbe med? Eksempel på brukargrupper kan vere psykisk utviklingshemma, barn og ungdom, funksjonshemma, eldre, menneske med psykiske lidingar eller menneske frå andre kulturar.

Kva skjer når du har søkt?

  • Vi prøver å svare deg innan fire veker.
  • Vi kallar deg inn til ein samtale for å finne ut meir om deg og gi deg meir informasjon om det å vere støttekontakt.
  • Dersom vi ikkje har nokon ledige oppdrag når du søkjer, legg vi søknaden din til side og finn den fram når vi har behov for nye støttekontaktar.

Sist oppdatert: 17.12.2021
Publisert: 26.11.2018