Frisør, hudpleie, tatovering, piercing
Alle lokale kor det vert utført perforering/piercing i hud skal vere godkjent. Dette gjeld all kosmetisk behandling som penetrerer huda.
Det er meldeplikt for alle lokale som nyttast til frisør- eller hudpleieverksemd. Du må melde frå til kommunen ved Miljøretta helsevern ved oppstart og ved vesentlege endringar.
Krav
Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie, tatoverings og piercingverksemd (www.lovdata.no) stiller krav om at tatoverings- og piercingverksemd berre skal føregå i godkjende lokale.
Dette gjeld all kosmetisk behandling som penetrerer huda, også for eksempel frisørsalongar som tar hol i øyrene, og makeup-salongar som utførar permanent makeup, microblading eller microneedling.
Den som eig eller driv slik verksemd er ansvarleg for at verksemda vert driven på ein hygienisk tilfredsstillande måte for å hindre overføring av smittsame sjukdommar.
Tilsyn
Miljøretta helsevern fører tilsyn med verksemdene.
Kva kostar det?
Det er ei kommunal teneste og er gratis for kommunale og private aktørar.
Søknadsskjema for piercingverksemd
Søknadsskjema for frisør-, hudpleie-, tatoverings,- og piercingverksemd (pdf)
Meldeskjema for frisør- og hudpleieverksemd
Frisør-, hud-, og fotpleieverksemder som ikkje tilbyr piercing har meldeplikt til kommunen ved oppstart.
Meldeskjema for frisør- og hudpleieverksemd (pdf)
Kontakt
- Grethe Elin Mjelde
Teknisk-hygienisk ingeniør - Miljøretta helsevern
Telefon: 56 37 57 70
Mobil: 95 01 96 09
E-post: grethe.elin.mjelde@alver.kommune.no
Kva seier lova?
Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie, tatoverings og piercingverksemd (pdf)
Hovudside for Miljøretta helsevern
Trykk her for å komme til hovudsida til Miljøretta helsevern