Skulehelsetenesta

Alle barn og unge i kommunen har krav på skulehelseteneste ved den skulen dei høyrer til. Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonstilbodet og arbeider for å fremje barn si helse og trivsel, samt førebygge sjukdom og skade. Tilbodet er gratis. 

Helsesøster har fast kontortid ved kvar enkelt skule etter oppsett plan.

Tenester skulehelsetenesta kan gje

  • Helseundersøkingar, helseopplysning og rettleiing, individuelt, i grupper eller klassevis
  • Barnevaksinasjonsprogrammet
  • Helsesøster deltek på møter i skulane.
  • Saman med skulen sitt øvrige personale har skulehelsetenesta ansvar for å følgje opp elevar med spesielle behov og tilretteleggje forholda best mogleg
  • Miljøretta tiltak med fokus på eleven sitt arbeidsmiljø

Hvis du har flytta ønskjer vi at du tek kontakt med din tidlegare helsestasjon eller skulehelseteneste, slik at journalen til barnet ditt blir sendt til helsesøster ved den skulen barnet tilhøyrer no.


Sist oppdatert: 31.05.2021
Publisert: 12.06.2018