Koordinerande eining

Koordinerande eining er organisert som eit tverrfagleg team leia av forvaltningskontoret for helse og omsorg.

Kontaktinformasjon for forvaltningskontoret helse og omsorg

Kontoret er ope frå 08:00 - 15:30  Tlf. nr : 56166560  

Adresse: Fensfjordbygg - Fensfjordvegen 615, 5986 Hosteland

Elin Kjersti Eikemo, leiar for forvaltning helse og omsorg

Ragnhild Skuggedal, konsulent

Individuell plan og koordinator

Dersom du har behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid, har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan dersom du ynskjer det. Planen skal sikre at du får eit heilskapeleg tenestetilbod tilpassa dine behov.  Du vil få tildelt ein koordinator som vil hjelpe deg med å samordne tenestetilbodet og utarbeiding av planen. Dersom du ynskjer det kan du velge å ha ein koordinator utan individuell plan.

  1. Slik melder du frå individuell plan og/eller koordinator.
    Trykk her for å laste ned meldeskjema (pdf).
  2. I meldinga må du skildre kva som er grunnlaget for behov for individuell plan og /eller koordinator.
  3. Det er du som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt  eller føresette for barn under 18 år som kan skrive under meldinga.
  4. Send meldinga med eventuelle vedlegg til:
    Masfjorden kommune
    Forvaltningskontoret for Helse og omsorg
    Austfjordvegen 2724
    5981 MASFJORDNES
    E-post: post@masfjorden.kommune.no

Kva skjer vidare med meldinga di?

Forvaltningskontoret for helse og omsorg vil registrere meldinga di. Meldinga vil deretter bli handsama av koordinerande eining. Dersom du fyller vilkår for individuell plan og /eller koordinator, vil koordinerande eining oppnemne ein koordinator for deg. Dette vil bli  gjort i samråd med deg.

Dersom me ikkje kan gje deg eit svar innan ein månad, vil du få skriftleg melding om årsak til det og når du kan forvente eit endeleg svar.

Individuell plan

Masfjorden kommune nyttar Sampro, eit digitalt verktøy til individuell plan.
Dei som samarbeider om planen, loggar seg innpå Sampro på internett og bidreg til planarbeidet her. Du som eig planen skal ilag med koordinator avklare kven andre som får tilgang til planen din.

Kontaktinformasjon

Koordinarande eining er organisert under Forvaltningskontoret for helse- og omsorg.
Her kan du få informsjon, råd og rettleiing.
Me har ope kvardagar mellom kl 08.00 – 15:00.
Tlf : 56166217 eller 48150964

Temadelplan for koordinerande eining og individuell plan og koordinator

Temadelplan for 2019 - 2025 (pdf)


Sist oppdatert: 26.02.2020
Publisert: 11.12.2018