Hjelpemiddel

Dersom du har bruk for hjelpemiddel i det daglege, kan kommunen si hjelpemiddelteneste kartlegge ditt behov, gje råd, og saman med deg komme fram til gode løysingar som gjer kvardagen din enklare. Ditt behov avgjer kva du treng, ikkje alder eller nokon diagnose.

Kontaktinformasjon for hjelpemiddel

Hjelpemiddelansvarleg;


For reprasjonar kan Steinar Stall kontaktast på tlf. 93438493

Dersom ein har behov for akutte reparasjonar frå NAV:
NAV Hjelpemiddelsentralen i Hordaland, på dagtid tlf. 40702812 - kveldstid tlf. 99202355

Utlån av tekniske hjelpemiddel

Hjelpemiddeltenesta i Masfjorden kommune kan bidra til å gjere kvardagen lettare for dei som av ulike grunnar har varig eller midlertidig nedsett funksjonsevne. Me kan vere behjelpelige med

  • utlån av hjelpemiddel i ein kortare periode frå kommunen sitt korttidslager (under to år),
  • vurdere hjelpemiddelbehov i samråd med deg, og evt søke langtidsutlån(over 2 år) gjennom NAV Hjelpemiddelsentral
  • råd og rettleiing i bustadtilpassingssaker,
  • enkle reperasjonar av hjelpemiddel.
Korttidsutlån

Dersom du til dømes har vore operert eller utsatt for akutt skade eller sjukdom, og som følgje av dette har redusert funksjonsevne, kan du få låne tekniske hjelpemidlar frå hjelpemiddellageret i kommunen, med utgangspunkt i dine behov og korleis heimen din er utforma.

Vi har ulike typar ganghjelpemiddel, hygienehjelpemiddel mm, og det beste er om du tek kontakt for ein samtale med hjelpemiddelansvarleg/ergoterapeut, så finn md den løysinga som passar for den enkelte.

Hjelpemidla kan lånast for ein kortare eller lengre periode med ein startperiode på 3 månadar. Dersom du har behov for å låne hjelpemidla utover dette kan det avtalast. Hjelpemiddel kan og lånast medan du ventar på utlån av hjelpemiddel frå NAV. Lageret vårt er ikkje utømmeleg og vi finn stort sett gode løysingar med det vi har.

Langtidsutlån

Dersom du har eit varig behov for hjelpemiddel (meir enn to år) kan du søke NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland om lån av desse. Her kan du få låne hjelpemidlar som kan hjelpe deg med utfordringar du gjerne møter i dagleglivet som følgje av varig og vesentleg redusert funksjonsevne. Dette kan vere innan område som til dømes rørsle, syn, hørsel og hukommelse. NAV Hordaland sitt lager og faglege ressursbase ligg på Hjelpemiddelsentralen på Kokstad.

Forutan hjelpemiddelansvarleg som hjelper deg i prosessen, har Masfjorden kommune eigne kontaktpersonar for hørsel, tryggleiksalarmar og barn og unge.

Tilvising til hjelpemiddeltenesta

Har du behov for tekniske hjelpemiddel tar du kontakt med Hjelpemiddeltenesta i Masfjorden kommune anten ved å ringe hjelpemiddeltenesta på telefon 40910077, via fastlegen din, eller via heimetenestene i Masfjorden dersom du er mottakar av heimebaserte tenester.  

Hjelpemiddetenesta kartlegg hjelpebehova du har, anten gjennom samtale med deg og/eller dine pårørande, eller ved eit heimebesøk.

Ved heimebesøk vurderer me kva funksjon du har og kva hjelpemiddel du treng for å fungere best mogleg i kvardagen. Tilråding frå oss kan og innebere enkle endringar inne eller ute som kan gjere kvardagsaktivitetar lettare.

Ved kortvarige behov får du låne hjelpemiddelet frå kommunen, så sant det er tilgjengeleg på kommunen sitt lager.

Ved behov for hjelpemiddel til varig bruk må ein søke om utlån frå NAV hjelpemiddelsentralen. Då skriv hjelpemiddeltenesta søknaden i samråd med brukaren og sørgjer for at søknad om utlån vert sendt til NAV Hjelpemiddelsentral i Hordaland.

Det vert deretter fatta vedtak etter folketrygdlova. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt hjelpemiddelet eller ikkje. Dersom du får avslag, vert dette grunngjeve i vedtaket. Ein kan klage på avslaget innan seks veker frå du mottek avslaget.

Klaga sender du til Nav Hjelpemiddelsentral i Hordaland. I klaga skal du oppgje kvifor du meiner vedtaket bør endras. Heldt Hjelpemiddelsentralen avgjersla ved lag, vert saka sendt vidare til NAV Klageeining.

Får du innvilga søknaden på hjelpemiddel, vert hjelpemiddelet levert til kommunalt lager ved Masfjorden sjukeheimen på Hosteland. Som regel vil hjelpemiddelet verte levert heim til deg, og du vil få opplæring i bruk av hjelpemiddelet. Dersom hjelpemiddelet treng montering, er det kommunen som syter for det. Enkle hjelpemiddel kan ein hente sjølv etter avtale.

Du har sjølv ansvaret for enkelt vedlikehald og reinhald av hjelpemiddla du låner, anten det er frå kommunalt lager eller frå NAV Hjelpemiddelsentralen.

Tilbakelevering av hjelpemiddel

Kommunale hjelpemiddel har ein sjølve ansvar for å ta vare på og returnere i rein tilstand til næraste hjelpemiddellager til avtalt dato, merka med namn på den som har lånt hjelpemiddelet.

Hjelpemiddel ein lånar frå Hjelpemiddelsentralen er NAV sin eigedom. Dersom hjelpemidlane ikkje lenger er i bruk, må dei leverast tilbake. Hjelpemidla leverast då i rein tilstand til hjelpemiddeltenesta sitt mottak på sjukeheimen, og kommunen ordnar tilbakesending til hjelpemiddelsentralen. Hugs å merke hjelpemiddlet med namn når du lever det i retur.

Pris og ansvar

Lån av hjelpemiddel frå kommunen sitt lager er gratis for innbyggjarar og besøkande i Masfjorden kommune. Hjelpemiddel utlånt frå Hjelpemiddelsentralen ved varig behov er og gratis, og dekkast av NAV.

Når ein låner hjelpemiddel anten frå NAV eller kommunen har ein ansvar for å ta vare på dei, halde dei reine og melde frå ved feil og manglar.

Tilpassing av bustad

Treng du hjelp til tilpassing eller ombygging av bustaden din som fylgje av funksjonsnedsetjing, kan du finne meir informasjon om dette her.

Lån og tilskot for tilpasning av bustader

Klageadgang

Du kan klage på avslag om å få tildelt tekniske hjelpemidlar til varig bruk innan seks veker frå du mottar vedtaket. Klaga sender du til Nav Hjelpemiddelsentral i Hordaland. I klaga skal du oppgje kvifor du meiner vedtaket bør endras.

Held Hjelpemiddelsentralen avgjersla ved lag, vert saka sendt vidare til NAV Klageeining.

Aktuelle lover og forskrifter




Sist oppdatert: 28.01.2020
Publisert: 20.04.2018