Fysioterapi

Fysioterapitenesta i Masfjorden kommune består av ein kommunal fysioterapeut tilsett i 100% fast stilling, og ein sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeut med 100 % driftsavtale med kommunen. Dei to fysioterapeutane har tett samarbeid og fordelar pasientar utifrå retningslinjer dei har einast om i samråd med kommunen.

Fysioterapeutane sitt kunnskapsfelt er kropp, bevegelse og funksjon. Fysioterapeuten har brei kunnskap om bevegelsessystemet sin oppbyging og funksjon og om korleis fysiske, psykologiske og sosiale faktorar bidreg til helse og sjukdom. Målet med fysioterapi er å identifisera og optimalisera livskvalitet og bevegelsespotensial innanfor helsefremmjande, forebyggjande, behandlande og rehabiliterande/habiliterande verksemd.

Kommunefysioterapeut

Kommunefysioterapeuten gjev teneste til dei som av ulike grunnar ikkje kan nyttiggjere seg av fysioterapitilbodet ved fysikalske institutt.

Kommunefysioterapeuten har i hovudsak ansvar for helsestasjonen, barnehagane, skulane (0-18 år) brukarar ved sjukeheimen og der det er behov for fysioterapi i heimen. Det er i hovudsak ein føresetnad at brukaren samarbeider med den som skal yte tenesta.

Ein kan ta konktakt med fysioterapeuten for bestilling av time på eiga hand. Det er ikkje påkravd med tilvising frå lege, men i enkelte tilfelle er det ein fordel og nødvendig.

Ein kan òg ta kontakt via legekontoret, helsesøster, plei og omsorg, eller psykiatrisk sjukepleier.

Fysioterapitenesta tilbyd:

  • Undersøking og vurdering.
  • Behandling, informasjon og oppfølging.
  • Gruppetrening.
  • Førebyggjande helsearbeid.
  • Opplæring og fagleg undervisning
  • Fysioterapeuten gjev råd og vegleiing i forhold til hjelpemiddel der dette er naudsynt.

Trenings- og kontorlokale er lokalisert i kjellaren på Masfjorden sjukeheim på Hosteland,
Hostelandslia 15,
5986 Hosteland.

Kommunefysioterapeut Lene Reigstad Danielsen
Telefon: 56166503 / 47466356

e-post: fysioterapeut@masfjorden.kommune.no

Fysioterapeut med driftsavtale

Fysioterapeut Gro Serine Baarøy arbeidar med driftstilskot frå kommunen, og tilbyr fysioterapi til i hovudsak unge og vaksne frå 16 – 90 år. Ho kan mellom anna hjelpe med opptrening etter skadar eller operasjonar, behandling av ulike smerteplager, balansevanskar, redusert fysisk funksjonsevne, svangerskapsrelaterte plager eller psykosomatiske plager, samt rehabilitering ved langvarige og samansette helseplager.

Du treng ikkje ha henvisning frå lege for å ta kontakt med fysioterapeut, men legen kan òg henvise direkte.

Kontaktinformasjon:
Mail: gro.serine.baarøy@masfjordenfysioterapi.no
Telefon: 41447757

Besøksadresse:
Fensfjordvegen 615, 5986 Hosteland
2. etasje i Fensfjordbygg 


Sist oppdatert: 31.03.2023
Publisert: 20.04.2018