Hukommelsesteamet

Hukommelsesteamet består av eit tverrfagleg team, og skal fungera som ein ressurs for personar under utredning og vidare oppfølging av personar med demenssjukdom. Dei skal også kunne rettleie og støtte pårørande, samt personale som er i kontakt med personar med demens.

Teamet samarbeider tett med fastlegen og står for delar av kartlegging av demenssjukdommar og kartlegging av heimesituasjon.

Kjenner du nokon som:
  • Gløymer nylege hendingar
  • Gjentek historier
  • Er forvirra når det gjeld tid og stad
  • Har problem med å kjenne folk att
  • Gløymer innlærte ferdigheiter
  • Har fått forsterka personlegdomstrekk
  • Har svekka dømmekraft
  • Har problem med å klare seg i kvardagen
Kvifor er utgreiing viktig?
  • For å utelukka andre sjukdommar som har demensliknande symptom
  • Vurdering av symptom
  • Vurdering av medisinar
  • Legge til rette heimesituasjonen for å sikre gode kvardagar
  • Setje i gang tiltak i god tid
Kven kan ta kontakt?
  • Enkeltpersonar, pårørande og vener
  • Helsepersonell i kommunen og sjukehus
  • Fastlegar
Kontaktinformasjon for Hukommelsesteamet

Ergoterapaut Toril Areklett, mobil: 40910077
Tilgjengeleg mandag - onsdag 08.00 - 15.00

Sjukepleier Hildegunn Bjånes, mobil: 41617508
Tilgjengeleg mandag - fredag 08.00 - 15.00

Forvaltningskontoret v/ Elin Eikemo, telefon: 56166560 
Tilgjengeleg mandag - fredag 08.00 - 15.30

Legekontoret kan ta i mot beskjed / tilvisning


Sist oppdatert: 17.03.2022
Publisert: 17.03.2022