Bekymringsmeldingar

Kva er ei bekymringsmelding?

Ei bekymringsmelding er ei melding til ei offentleg teneste om ein person du er bekymra for, og som du vil at ein offentleg instans skal hjelpe. Dette kan gjelde i mange ulike situasjonar, men felles for dei alle er at du meiner å sjå at ein person - eller fleire - har behov for hjelp, og du vil bidra til at dei får hjelpa dei treng.

På den måten kan ein seie at ei bekymringsmelding er eit uttrykk for omsorg.

Kven kan sende ei bekymringsmelding ?
Kven kan ein sende bekymringsmeldinga til?

Det enklaste vil vere å sende meldinga til den instansen som skal gi hjelp, dersom det skulle syne seg at hjelp er naudsynt. Men dersom ein er usikker på kven det i så fall er ein skal vende seg til, så gjer ein ikkje feil ved å melde det til andre i kommunen. Desse vil så kunne sluse informasjonen vidare til rett person.

Alle som mottek ei bekymringsmelding, har teieplikt.

Aktuelle personar i kommunen å vende seg til, kan vere

  • barnevernet,
  • helsesyster,
  • styrar i barnehage,
  • leiar i SFO,
  • rektor på skulen,
  • leiar for pleie og omsorg.
Korleis sende ei bekymringsmelding?

Ei bekymringsmelding kan sendast munnleg eller skriftleg.

Ein grei måte er å ta kontakt med den som ein vil gi meldinga til, og ha ein samtale med vedkomande.

Men det er også mogleg å sende meldinga i form av eit brev.

Det som er viktig å unngå, er å sende bekymringsmeldinga via e-post. Dette av di ein må hindre at informasjon som ei slik bekymringsmelding vil kunne innehalde, vert spreidd til uvedkomande.

Kva gjer kommunen når ei bekymringsmelding er motteken?

Når den som har ansvar for å fylgje opp meldinga har fått henne, vil oppfylgjingsarbeidet variere alt etter kva det var ein var bekymra for. Men stort sett vil arbeidet foregå i fire fasar :

  • I kartleggingsfasen vil ein sjå nærare på situasjonen som førte til bekymringa, og finne ut kva situasjonen dreier seg om.
  • I utgreiingsfasen vil ein sjå på kva tiltak som ein eventuelt skal setje i verk, og planlegge gjennomføringa av tiltaka.
  • I gjennomføringsfasen vert tiltaka gjennomførte.
  • I vurderingsfasen vert tiltaka og effekten av dei vurderte, med tanke på kva som skal skje etter at tiltaka er gjennomførte.
Kva skjer med den som har meldt frå om bekymringa si ?

I utgangspunktet ingen ting. Kommunen har ikkje ansvar for å informere meldar om kva som skjer vidare i saka. Kommunen har heller ikkje plikt til å informere kven det er som har kome med ei bekymringsmelding.

Meir informasjon om bekymringsmeldingar kan du finne på Barne-, ungdoms og familiedirektoratet si heimeside ved å peike og klikke på knappen nedunder.

Om bekymringsmeldingar

Merk : Informasjonen som står på direktoratet si heimeside er også aktuell i situasjonar der personen ein er bekymra for, til dømes er ein eldre person.


Sist oppdatert: 11.12.2018
Publisert: 12.06.2018