Barnevern

Barneverntenesta arbeider etter Lov om barneverntjenester. Denne lova gjeld for alle born under 18 år. Lova har som formål å sikre at born og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Lova skal også bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår.

Barneverntenesta skal vera med på å sikra omsorg og tryggleik for born som har særlege behov. Oftast er det foreldre sjølv som vender seg til barnevernet for å få hjelp. Dei aller fleste borna som får hjelp frå barnevernet, bur heime hjå foreldra sine.

Ei av oppgåvene til barneverntenesta er å gje råd og rettleiing. Om det er noko du lurer på, ta gjerne kontakt.

Kontaktinformasjon for barneverntenesta i Gulen og Masfjorden

Telefon: 57 78 20 60 (måndag til fredag kl. 09-15)

Tilsette i barneverntenesta:

Jane Hesjedal, einingsleiar  
Tlf. 57782061, mobil nr. 45330473
E-post: jane.hesjedal@gulen.kommune.no

Ann Helen Engesæter, kontaktperson
Mobil nr. 94819697
E-post: ann.helen.engesaeter@gulen.kommune.no

Kristian Lillestøl, kontaktperson
Mobil nr. 40913484
E-post: kristian.lillestol@gulen.kommune.no

Beate Hjartholm Solheim, kontormedarbeidar
Mobil nr. 45374407
E-post: beate.hjartholm.solheim@gulen.kommune.no

Emilie Tyborgnes, kontaktperson
Mobil nr. 94506795
E-post: emile.francesca.tyborgnes@gulen.kommune.no

Opningstider:

Måndag til fredag kl. 09-15

Barneverntenesta jobbar i hovudsak der barnet er- difor er me ikkje alltid på kontoret. Avtal gjerne møter på førehand.

Besøksadresse:
Fensfjordvegen 621,
5986 Hosteland

Postadresse:
Barneverntenesta i Gulen og Masfjorden,
Postboks 7,
5987 Hosteland

I akuttsituasjonar utanom opningstid:
Politi: 02800 (Politiet kan også fatta eigne vedtak i akuttsituasjonar)
Legevakt: 116117
Alarmtelefonen for born og unge, telefonnummer 116111, (gratis og opent heile døgnet)

Om tenesta

Barnevernet har som si spesielle oppgåve å ta vare på dei mest utsette borna i kommunen. Det skal beskytte barn mot omsorgssvikt og motvirke at barna lir fysisk og psykisk overlast. Blir barnevernet kjend med slike forhold har det ei lovbestemt plikt til straks å undersøke korleis barnet har det, og om nødvendig sette i verk tiltak. Dei mest vanlege hjelpetiltaka er:

  • Foreldrerådgjeving (til dømes ICDP, PMTO, COS, familiemøter)
  • Samtale med barn og foreldre
  • Barnehageplass
  • Støttekontakt, miljøarbeidar
  • Besøksheim, støttefamilie eller liknande
  • Tilbod om aktivitetar i fritid/ferie
  • Bidra til utdanning eller arbeid
  • Økonomisk stønad
  • Hjelpe foreldre og born i deira kontakt med andre
  • Hjelpe til med å ivareta barn sine interesser også hos andre instansar – ved å henvise til og å samarbeide med andre delar av forvaltninga

Barnevernet skal vere både støtte og kontroll. Det skal gjevast hjelp og støtte for at heimen skal makte sitt oppdragaransvar, men det har og ei plikt til å gripe inn viss dette ikkje nyttar.

Kven kan nytte seg av tenesta

Alle kan kontakte barnevernet for å få råd og rettleiing i forbindelse med barn i alderen 0-18 år. Barn kan også sjølv ta kontakt. Kontakt kan skje anonymt.
Offentlig tilsette og helsepersonell har meldeplikt til barnevernet ved mistanke om omsorgssvikt. Private kan også melde frå ved bekymring for eit barn sine levekår.
Er du usikker på om du bør melde di bekymring til Barneverntenesta, så ta gjerne ein telefon for å drøfte dette anonymt med oss. Det er mogleg å komme til vårt kontor for å diskutere din eigen situasjon, eller drøfte ei eventuell bekymringsmelding.
Du kan også henvende deg til oppvekstteamet i Gulen kommune eller oppvekstleiar i Masfjorden kommune, for å drøfte saker anonymt eller med samtykke frå den det gjeld.

Er du bekymra for eit barn?

Mange er i tvil om når det er riktig å melda frå til barnevernet. Det kriminalitetsførebyggande råd (KRÅD) har utvikla 10 spørsmål og svar for å hjelpa deg som er bekymra for eit barn.

Når bør eg melda frå til barnevernet?
Bekymrar du deg for eit barn? Trur du foreldra ikkje klarer å ta godt nok vare på barnet? Då bør du melda frå til barnevernet.

Korleis kan eg vita om det er alvorlig nok?
Er du bekymra, skal du melde frå uansett. Din melding kan vera svært viktig for barnet det gjeld. Det er barnevernet si oppgåve å vurdera alvoret og om hjelp er nødvendig.

Kven skal eg snakka med i barnevernet?
Du kan ringa eller skriva eit brev til barneverntenesta i din kommune. På kveldstid kan du kontakta barnevernsvakten der den finns – eller ringa gratis til den landsdekkande Alarmtelefonen for barn og unge
(tlf. nr. 116 111). Då blir bekymringa di formidla vidare til barnevernet der barnet bur.

Kva skjer når eg melder ein bekymring til barnevernet?
Sakshandsamaren skriv ned det du fortel. Innan ei veke avgjer barnevernet om dei skal setta i gong ei undersøking eller om meldinga skal leggast bort. Ei undersøking varar vanlegvis ikkje lengre enn tre månader.

Kva kan barnevernet gjera for å hjelpa barn, unge og familiar?
Barnevernet foreslår hjelpetiltak som vil gjera situasjonen betre for barnet. Dei fleste barna (8 av 10) får hjelp heime hjå foreldra. Hjelpa kan for eksempel vera råd og rettleiing, barnehageplass, støttekontakt, besøksheim eller tilsyn i heimen. I enkelte saker får barnet plass i fosterheim eller på institusjon.

Må eg alltid seia namnet mitt?
Nei, du kan velja å vera anonym. Barnevernet må informera familien om innhaldet i meldinga. Foreldra vil då ofte forstå kven som har meldt i frå.

Får eg beskjed dersom saka vert henlagt?
Nei. Barnevernet har teieplikt. Det er annleis for tilsette i for eksempel skole eller barnehage. Dei har krav på tilbakemelding på om det vert sett i gang tiltak eller ikkje.

Tida går og eg er framleis bekymra. Bør eg ringa ein gong til?
Ja. Du får ikkje vita kva barnevernet har gjort sidan sist du ringte. Om du fortsatt er bekymra, er det likevel viktig at du tar kontakt og fortel kvifor.

Kan eg bli nøydt til å vitna i retten eller fylkesnemnda?
Du kan bli kalla inn som vitne. Du har i så fall plikt til å møta og fortelja kvifor du har vore bekymra.

Kvar finn eg ut meir om barnevernet?
Du kan lesa meir om kva slags hjelp barnevernet tilbyr på desse nettstadane:
www.regjeringen.no/barnevern
www.bufdir.no/barnevern

Skjema for bekymringsmelding

For privatpersonar: Digitalt skjema (bekymringsmelding.fiks.ks.no)
For tilsette og fagpersonar med meldeplikt: Digitalt skjema (bekymringsmelding.fiks.ks.no)

Det er ikkje berre born ein kan ha bekymringar for. Kommunen har laga ei litt meir generell orientering om bekymringsmeldingar.

Ynskjer du/de å bli støttekontakt, besøksheim eller fosterheim?

Barneverntenesta manglar ofte viktige støttespelarar til både born og vaksne. Desse oppdraga kan vare frå nokre timar til fleire dagar i månaden. Det krevast ingen spesielle kvalifikasjonar av formell karakter, men du/de må ha overskot og interesse for medmenneskje. Løn etter avtale.

Om besøksheimar

Ein besøksheim er ein heilt vanleg heim. Ein heim der barn og ungdom kan komme på besøk eks. kvar 3. eller kvar 4. helg, enkelte feriedager og lignande.

Kven kan bli besøksheim?

  • Trygge vaksne som synes det er artig å vere saman med barn og ungdom
  • Engasjerte vaksne som synes det er gjevande å samarbeide med andre instansar om "barns ve og vel"
  • Varme vaksne i en stabil livssituasjon
  • Folk med tid, krefter og god helse
  • Det krevast god vandel

Det er ikkje krav til utdanning. Ein kan vere ensleg, par, med eller utan eigne barn. Vi bruker tid saman for å finne ut kva barn som passer best for den bestemte besøksheimen.

Kvifor treng barn ein besøksheim?

  • For å få opplevingar
  • For å få fleire meistringssituasjonar
  • For å få fleire gode vaksenmodellar eller
  • For å gi foreldra avlastning

Kven avgjer?

Besøksheim er eit førebyggande tiltak for barn og foreldre. Besøksheimen skal godkjennast av kommunen. Det er barnevernet saman med foreldra til barnet, som avgjer kven som skal bli besøksheim for deira barn.
Dersom du ynskjer å vite meir, ta kontakt med

Einingsleiar for barnevern

Jane Hesjedal
Telefon 57 78 20 61
Mobil 453 30 473
E-post: jane.hesjedal@gulen.kommune.no

Om fosterheimar

Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på eit barn som for ein periode ikkje kan bu hos foreldra sine. Felles for fosterbarna er at foreldra si omsorg for ein kortare eller lengre periode ikkje strekk til i forhold til barna sine behov.

Du finn meir informasjon om fosterheimstenesta på www.bufdir.no/nn/Fosterheim/

Dersom du ynskjer å vite meir, ta kontakt med
Einingsleiar for barnevern
Jane Hesjedal
Telefon 57 78 20 61
Mobil 453 30 473
E-post: jane.hesjedal@gulen.kommune.no


Sist oppdatert: 08.05.2023
Publisert: 20.04.2018