HeimBygg, eigendom og beredskapBygging, kart og oppmåling

Bygging, kart og oppmåling

Bygging

Søknader på internett

Framleis må alle søknader handsamast i papirversjon, men det vert jobba med eit system slik at det også vert mogleg å søkja via internett. Med eit slikt tilbod, kan ein også fylgja med på handsaminga av sin eigen søknad via internett.

Søknadspapir

Kommunen kan framleis dela ut søknadspapir, men for dei som har tilgang til internett, kan det vera like lett å skriva dei ut derifrå. Statens bygningstekniske etat har lagt ut dei fleste skjema på nettet. Søknadsskjema finn du på nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet

Kart og oppmåling

Oppgåver:

  • Innmåling og stikking av data
  • Delingsforretning
  • Oppmålingsforretning og grensejustering
  • Samanslåing av eigedomar
  • Registrering i Matrikkelen (Grunn-, Adresse- og Bygningsregisteret)
  • Ajourføring av kart
  • Digitalisering av planar
  • Digitale kart på SOSI- eller DXF-format
  • Situasjonskart og matrikkelbrev på e-post eller per post
  • Meklar/takstopplysningar via Ambita Infoland, www.ambita.com
  • Kartfagleg støtte til andre avdelingar

Kartportalen vår heiter nordhordlandskart.no. 


Sist oppdatert: 13.11.2018
Publisert: 24.04.2018