HjemBygg, eigedom og beredskapKart og oppmålingKlarlegging av eksisterande grense

Klarlegging av eksisterande grense

Grensepåvisning

Dersom du manglar grensemerke for eigedomen din eller ønskjer å få klarlagt kvar eigedomsgrensa går mellom deg og naboen din, kan du rekvirere grensepåvising.

Sikre grenser

«Sikre grenser» er nyare grenser (etter 1980) som er innmålt og koordinatfesta med god nøyaktigheit enten i oppmålingsforretning, kartforretning eller jordskiftesak. Koordinatane finn du i matrikkelbrevet, mållebrevet eller i rettsboka til jordskiftesaka. Slike grenser er som hovudregel mekra med grensemerke i aluminium. Dersom grensemerka har kome bort, kan ein rekvirere grensepåvising og få nye grensemerke plassert ut i marka i samsvar med tidligare innmålte grensepunkt.

Usikre grenser

«Usikre grenser» er eldre grenser (før 1980) som ikkje tidligare er kordinatfesta. Slike grensene er vist i matrikkelkartet (eigedomskartet) med omtrentleg plassering og kan avvike med fleire meter. Informasjon om eldre grenser finn ein i dokument som skuldskifteforretningar, utskiftningar, jordskiftesaker og liknande. I marka er slike grenser gjerne merka med kors i fjell eller merkestein.
Dersom ein ikkje veit kor alle grensepunkta er plassert i marka eller om ein ønskjer å få grensepunkta koordinatfesta, kan ein rekvirere klarlegging av eksisterande grense. Landmålar vil då kalle eigarane og naboar/partar inn til oppmålingsforretning der ein prøver å rekonstruere grensene ut i frå grenseskildringar i eldre dokument og samanliknar med grensemerke som finns i terrenget. Partane får kome med sine synspunkt og grensepåstandard. Ved semje om grenseforløpet, vert eigedomsgrensa merka, målt og nøyaktig kartfesta.

Dersom du er usikker på om eigedomsgrensene dine tidligare er koordinatfesta, kan du sjekke dette ved å søke opp eigedomen i www.nordhordlandskart.no. Eigedomsgrenser som er sikre (tidligare koordinatfesta) er vist med grøn farge. Usikre grenser er vist med andre fargar ut i frå kor nøyaktige dei er.

Kven kan søkje?

Klarlegging av eksisterande grenser kan søkjast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar av eigedommen, vert det forlanga vedlagt firmaattest av nyare dato.

Kva skal søknaden innehalde?

For rekvisisjon av klarlegging av eksisterande grense, ta kontakt med din kommune eller bruk skjema.

Trykk her for søknadsskjema (pdf)

Eventuelt vert det forlangt underskrift av søkjar på eit anna dokument. Det må leggjast ved eit kartutsnitt der det er markert kva grensepunkt som skal påvisast. Kart over eigedomen finn du her (www.nordhordlandskart.no)

Saksgang

Når kommunen har motteke rekvisisjon av oppmålingsforretning, vert dei som er partar varsla om tidspunkt for forretninga.

Prisar

Pris for klårleggjing av eksisterande grense finn du i gebyrregulativet i pkt 13.6:

Gebyr for teknisk forvaltningsteneste

Gebyrregulativ for 2023

Lokal forskrift om gebyr for teknisk forvaltningsteneste i Masfjorden kommune (pdf)

Sende rekvisisjon

Rekvisisjon av oppmålingsforretning sender du til post@masfjorden kommune.no
eller
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes


Sist oppdatert: 04.01.2022
Publisert: 06.12.2019