HeimNyhendeYnskjer du å få installert fiber i huset ditt?

Ynskjer du å få installert fiber i huset ditt?

I samband  med Telenor sitt fiberutbyggingsprosjekt i Masfjorden, som vert gjennomført i samarbeid med Masfjorden kommune, vil privatpersonar som bur i dei aktuelle utbyggingsområda i Masfjorden få høve til å tinge tilknyting til fibernettverket ganske rimeleg.

I løpet av 2019 vil det verte lagt til rette for fibertilnytning i desse områda:

  • Kvamme – Kjekallen
  • Duesund
  • Areklett
  • Ådnekvamme
  • Mollandseid
  • Risnes
  • Tangedal
  • Kjerdal
  • Lauveidet – Gunnarbuøyra
  • Bergsvik
  • Fossdal
  • Solhaug 
  • Eikemo
  • Knappen
  • Kalhovda
  • Indre Hope
  • Trodalen
  • Indre Haugsdal
  • Haukeland
  • Kvamsdalen – Byrkjeland
  • Molland

Kundar som tingar fibertilkobling innan 31. desember 2018 får tilbod om fylgjande prisar for etablering og abonnement i bindingstida:

Etablering – det vil seie tilknyting til internett og installering av trådlaus ruter og tv-boks :

  • Kr. 4990,- for dei som bur i område som alt har fått fiberdekning
  • Kr. 1990,- for dei som bur i område som vil få fiberdekning i løpet av 2019 - sjå lista over.
    For å kunne tilby etablering til denne prisen, må Telenor få inn tingingane i god tid før utbygginga vert gjennomført,  slik at utbygging og installasjon vert gjort som delar av av prosjektet.

Mogleg behov for eigeninnsats

Leidningsinnstrekket inn til husveggen vil vere avhengig av korleis ledningane vert ført fram i dag.
Dersom ein bustad har telenett i luftstrekk frå stolpe, vil fiber verte lagt fram på same måte. Då er det er ikkje behov for eigeninnsats frå kunden.
Er telefonledningen til huset gravd ned i bakken, vil Telenor si framføring av fiber gå fram til tomtegrensa. Kunden må då sjølv grave ned rør frå tomtegrense inn til husvegg som Telenor så vil nytte til å føre fiber fram til husvegg og inn i bustaden. Rør vil bli utlevert i forkant av utbygginga. 
Kunden må ha gravd røret ned til avtalt tid, slik at det kan takast i bruk innan utbygginga i området vert ferdigstilt. Då kan fiber trekkjast heilt inn i bustad for installasjon.

Abonnement som omfattar breiband med valfri fart og tv

Kr.799 pr. månad i bindingstida, som er sett til tolv månader.
Etter bindingstida står ein fritt til å halde fram med å ha Telenor som nettleverandør, eller å nytte andre nettleverandørar. For tida etter bindingstida har

Prisar for abonnement

Med tilgjenge til tv

  • 50 Mb inn og ut : kr 938
  • 100 Mb inn og ut : kr 1038
  • 250 Mb inn og ut : kr 1088
  • 500 Mb inn og ut : kr 1488

Utan tilgjenge til tv

  • 50 Mb inn og ut : kr 599
  • 100 Mb inn og ut : kr 699
  • 250 Mb inn og ut : kr 749
  • 500 Mb inn og ut : kr 1149

Disse prisene vil kunne verte endra over tid. Informasjon om prisar og produkt på fiberbasert internett og tv frå Telenor finn du på: 
https://www.telenor.no/privat/internett/fiber/

Ynskjer du å få installert fiber i huset ditt, kan du kontakte


Sist oppdatert: 22.01.2019
Publisert: 11.12.2018