HeimNyhendeRegjeringa vidarefører alle koronatiltak fram til 20. april

Regjeringa vidarefører alle koronatiltak fram til 20. april

Barnehagane opnar måndag 20. april.

Regjeringa vedtok tysdag 7. april at frå måndag 20. april opnar alle barnehagar. Masfjorden kommune vil difor opna barnehagane att denne dagen.

Barneskulane opnar 27. april for elevar i 1. til 4. klasse.

Regjeringa har no vedteke at frå måndag 27. april skal elevar i 1. til 4. klasse tilbake på skulen. Regjeringa har ein ambisjon om at alle elevar skal tilbake på skulen på ein eller annan måte før sommaren. Det betyr at barneskulane i Masfjorden opnar igjen måndag 27. april.

Framleis gjeld følgjande opplegg:

  • Heimeskule for elevar frå 5.-10. trinn. Elever frå og med 5. trinn vil framleis ha heimeskule etter 27. april.  
  • Barn i risikogruppe eller som har familiemedlemmer i same husstand som er i risikogruppa, vil fortsett få tilbod om heimeundervisning.

Tid til å førebu opning

Tida fram til barnehagar og skular startar opp igjen, vil kommunen nytta til å få på plass naudsynte rutinar for smitteverntiltak. Foreldre og tilsette vil få nærmare informasjon.

Omsorgstilbodet

Det vil fortsett vere eit omsorgstilbod i barnehagar og skular frå 14.-17. april på dei same vilkåra som har vore tidlegare. Omsorgstilboda vil og oppretthaldast i barneskulane frå 20.-24. april.

Omsorgstilbod for born frå 5. trinn og opp til 12 år vil oppretthaldast også etter 27. april.


 

Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 08.04.2020