HeimNyhendeVestlandsprosjektet

Vestlandsprosjektet

Dette prosjektet, som Masfjorden kommune er vertskommune for, var i utgangspunktet eit samarbeid om velferdsteknologi mellom  desse10 kommunane: Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy, Vaksdal og Gulen. Det vart kalla Nordhordlandsprosjektet, av di det var i Nordhordlandsregionen fleirtalet av dei samarbeidande kommunane låg.

Men etter kvart som fleire og fleire kommunar vart med, kjendest det naturleg å byte namn til noko som avspegla at samarbeidet gjekk lenger enn berre innan Nordhordlandsregionen. Sidan dei samarbeidande kommunane alle ligg i eitt av dei to fylka som om litt vert det nye Vestland fylke, kjendest det naturleg å byte namn til "Vestlandsprosjektet". Men om namnet er endra og deltakarane er blitt fleire, er målsetjinga med prosjektet den same : Å bidra til at kommunane våre tek i bruk velferdsteknologi på ein måte som gjer at vi kan gi innbyggjarane i kommunane våre dei best moglege velferdstenestene.

Du kan fylgje med kva som skjer i Vestlandsprosjektet ved å gå til prosjektet si heimeside, som du finn på denne adressa : vestlandsprosjektet.no


Sist oppdatert: 22.05.2019
Publisert: 22.03.2019