HeimNyhendeUtsett frist for innspel til reguleringsendring for næringsområdet på Matre

Utsett frist for innspel til reguleringsendring for næringsområdet på Matre

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 og § 12-14, er det tidlegare i brev av 21.02.2020 varsla oppstart av detaljregulering/reguleringsendring for næringsområde på Matre, gnr. 52 bnr. 10 m.fl. i Masfjorden kommune. På grunn av koronatiltak vert det ikkje gjennomført folkemøte om planarbeidet, og alle som ønskjer å koma med innspel til planarbeidet får no utsett frist til 15. april 2020. Den opphavelege fristen var 27.03.2020.

Presentasjon frå ABO Plan & Arkitektur AS (pdf)
Denne viser konkret kva som vert planlagt innanfor området, og som kommunen no ønskjer at innbyggjarar og andre kjem med innspel og merknader til.

Om planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å revidere del av vedteken reguleringsplan for Matre planid: 126620060003 vedteken 03.02.2009 i Masfjorden kommune, slik at det mellom anna kan opnast for større bygningar for mellom anna datalagring. Det vert elles vist til tidlegare oppstartsbrev med meir informasjon.

Innspel og merknader skal sendast til:
ABO Plan & Arkitektur AS
Postboks 291
5203 Os
Eller e-post: offentlig.ettersyn@abo-ark.no

Ein kan og ta direkte kontakt med planleggjar Ola Klyve Dalland på e-post: ola@abo-ark.no
eller på tlf: 56570070/  mobil: 90021198.


Sist oppdatert: 26.03.2020
Publisert: 25.03.2020