HeimNyhendeVarsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Kvamme

Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Kvamme

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8, vert det varsla oppstart av detaljregulering for Kvamme, gnr 22, bnr 6 m.fl. i Masfjorden kommune.

Planområdet ligg på Kvamme, med tilkomst frå Fv570 Austfjordvegen og omfattar eit areal på ca. 76 daa. Føremålet med planen er å regulere arealet til turistformål, landbruk, grønstruktur, naust og bustadformål med tilhøyrande infrastruktur.

Området er i kommuneplanens arealdel sett av til turistannlegg og LNF- areal.

Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing, jf. forskrift om konsekvensutgreiing.

Tiltakshavar er Ivar Holmaas og plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

For nærare informasjon kan spørsmål rettast til:
ABO Plan & Arkitektur AS v/ Ola Klyve Dalland, ola@abo-ark.no tlf: 90021198.

Kunngjering med kartutsnitt (pdf)
Plangrense for området (pdf)
Oversiktskart (pdf)

På heimesida, www.abo-ark.no - under aktuelt - reguleringsplanar er det tilgang til digitale kartutsnitt, referat frå oppstartsmøte, planinitiativ og utlysingsteksten.
Grunneigarar og naboar vert varsla direkte med brev. Uttale til oppstart av planarbeidet kan sendast skriftleg innan 17.02.2020 til:
ABO Plan & Arkitektur AS, postboks 291, 5203 Os
e-post: offentleg.ettersyn@abo-ark.no


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 20.01.2020