HeimNyhendeVarsel om oppstart av reguleringsplan og offentleg ettersyn av planprogram

Varsel om oppstart av reguleringsplan og offentleg ettersyn av planprogram

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-8 og 12-9 blir det  varsla oppstart av privat detaljregulering for:

Totland gnr 26 bnr 2,5 m/fl, Andvik, Masfjorden kommune

Tiltakshavar

Tiltakshavar er Vestnorsk Fisk AS. Stracon AS er utførande konsulent.

Det skal gjennomførast konsekvensutgreiing i tilknyting til tiltaket. Det er utarbeidd planprogram som med dette vert lagt ut på offentleg ettersyn i samband med oppstart av planarbeidet.

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av akvakulturanlegg basert på RAS teknologi (resirkuleringsanlegg).

Planområdet utgjer om lag 30 daa. I kommuneplanen sin arealdel er området avsett til LNF, LNF med spreidd bustadbygging og omsynssone H510, landbruk. Sjøområdet er vist som Bruk og vern av sjø med tilhøyrande strandsone.

Naboar, grunneigarar og diverse instansar blir varsla direkte.

Aktuelle dokument i pdf-versjon:
Kunngjeringsannonse
Oppstartsmelding
Planprogram

Her kan du også sjå dei aktuelle dokumenta (www.stracon.no)

Merknader til planprogrammet og-/eller innspel til planarbeidet kan sendast via e-post: post@stracon.no, eller til:
Stracon AS, Leirvikflaten 15b, 5179 Godvik.
Merkast «7209 – Detaljregulering Totland»
Frist for merknader er sett til 15.05.20

Alle mottekne dokument vil følgje planforslaget når dette blir sendt kommunen for handsaming og vedtak.

Nærmare informasjon om planarbeidet kan ein få hos Stracon AS.


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 29.04.2020