Varsel om oppstart av interkommunalt planarbeid for sjøområda i Nordhordland
I løpet av denne perioden for høyring og offentleg ettersyn er det opna for å gje:
- Innspel til sjølve planprogrammet – kva tema og spørsmål det skal arbeidast med og korleis planprosessen kan gjennomførast
- Innspel til arealbruk og utnytting for sjøområda i heile planområdet (alle dei 8 kommunane som deltek)
Kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal har i fellesskap starta prosessen med å utarbeide ein interkommunal plan for sjøareala i kommunane.
Planen skal vere ein arealplan for sjøareala, der heilskapen blir ivaretatt over kommunegrensene. Gjennom planarbeidet skal det utviklast langsiktige rammer for berekraftig arealbruk, forvaltning og verdiskaping i sjøområda. Planen skal munne ut i ein juridisk bindande plan på kommuneplannivå.
Det er mange interesser knytt til kystsona og sjøareala. Aukande konkurranse og interessekonfliktar kan gjere sjøareala utfordrande å forvalte. Kommunen har mynde over arealbruken i sjøområda etter pbl og hamne- og farvannslova, og ansvar for å skape føreseielege rammer. Til dette trenger kommunane eit godt styringsverktøy.
På heimesida til prosjektet finn ein meir informasjon om prosjektet og høyringa (www.regionnordhordland.no).
Frist for å kome med innspel er satt til 10.05.2021.
Alle innspel må sendast til: e-post: post@nordhordland.net
I emnefeltet til e-posten må du skrive: «Høyring Interkommunal plan sjøareal»
Eventuelt kan innspel sendast til adresse:
Nordhordland Utviklingsselskap IKS, Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø
Har du spørsmål eller ønskje om nærare avklaring knytta til planarbeidet kan du ta kontakt med:
- Hans Kristian Dolmen - hans.kristian.dolmen@alver.kommune.no
- Bent Gunnar Næss - bgn@nordhordland.net
Nedunder er sentrale dokument i samband med oppstart av planarbeidet lenka opp:
Høyringsbrev Planprogram.pdf
Vedegg 1 IKP Sjøareal NH Planprogram - høyring 26.02.2021.pdf
Vedlegg 2 Skjema for innspel til planprogram.pdf
Vedlegg 3 IKPLsjø planutval sak 03 21.pdf
Vedlegg 4 Høyringsliste.pdf