HjemNyhendeVårryddedagen 18. mars 2023- rydd før fuglane kjem

Vårryddedagen 18. mars 2023- rydd før fuglane kjem

Har du lyst til å delta på vårryddedagen?

NGIR deler ut strandryddesekkar og hanskar til alle som vil rydde. Utstyr kan du hente i resepsjonen i Kjevikdalen måndag til fredag 08.00-15.30, eller i ein av strandryddekassane som er plassert ut i regionen: https://www.ngir.no/strandryddingogskulebesok/strandrydding

Du kan rydde langs elvar, innsjøar, strender, holmar, øyer, stiar eller andre stader med eigarlaust avfall.

Registrer gjerne aksjonen din på www.ryddenorge.no eller i appen: Rydde

Når du er ferdig å rydde tar du kontakt med NGIR på strandrydding@ngir.no for å avtale henting av avfallet. Ønsker du å rydde større områder kan du avtale med oss om utplassering av konteiner.

Det er sjølvsagt lov å rydde på andre dagar i året, men me minner om at etter 15. april må ein ta ekstra omsyn når ein ferdes i områder der det kan vere hekkande fuglar.

Vårryddedagen 2023


Sist oppdatert: 16.03.2023
Publisert: 16.03.2023