HjemNyhendeAlle fødd i 1956 og tidlegare har fått tilbod om vaksine

Alle fødd i 1956 og tidlegare har fått tilbod om vaksine

I tillegg vil dei som har fått 1. dose med AstraZeneca, få tilbod om dose 2 i v. 22, då med Pfizer vaksinen. Dei dette gjeld har blitt kontakta av legekontoret.

Tilgangen på vaksine skal auke i juli og august, så det vil bli vaksinering gjennom heile sommaren. Me ber om at alle har tatt ei avgjerd på om ein ynskjer vaksine eller ikkje når me tar kontakt. Me veit enno berre 1-2 veker fram i tid kva mengde me får av vaksine. Det er difor kort varsel på tildelt time til vaksinering, og me oppfordra alle til å ordne seg slik at ein kan stille på tildelt time så langt det lar seg gjere.

Me vaksinerer framleis om onsdagar i det gamle lokalet til legekontoret på Hosteland. Møt så presist som mogleg til klokkeslettet du har fått og vent i bilen til du blir henta inn. Dette pga smittevern.

Er du nyleg flytta til kommunen, over 65 år og ikkje fått tilbod om vaksinering, ta då kontakt med legekontoret.

 

Tekst: Mali Daae Steine, leiar for helseavdelinga


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 21.05.2021