HjemNyhendeVaksinering mot korona

Vaksinering mot korona

Slik det ser ut no vil me kunne starte vaksineringa like over nyttår. Det er ikkje nok vaksinedosar til alle frå starten av, og vaksinering vert difor prioritert slik:

  1. Bebuarar i sjukeheimar og aktuelle bebuarar i omsorgsbustad
  2. Eldre over 85 år
  3. Eldre over 75 år
  4. Eldre over 65 år
  5. Personar 18–64 år med ein eller fleire sjukdommar (lista er ikkje klar enno)
  6. Helsepersonell med pasientkontakt. (Denne gruppa vil få høgare prioritet dersom smittepresset i det norske samfunnet eller smitten i helseinstitusjonane endrar seg).

Målet med vaksineringa er på beskytta kvar einskild som er vaksinert mot korona-sjukdommen. Vaksinen hindrar ikkje at ein kan verta smitta eller smitte andre, difor må også dei som er vaksinerte ta smittevernomsyn.

Med avgrensa vaksinetilgang vil vaksinering gå føre seg stegvis etterkvart som me får tilgang på nye vaksinedosar. Du treng ikkje ta kontakt med kommunen/fastlegen din:

  • Masfjorden kommune vil kontakta alle personar i gruppe 1 og 2 (sjå lista over).
  • Personar i gruppe 3 vert kontakta for å stå på ringeliste om vi har att vaksinar i fyrste runde.
  • Personar i gruppe 4-6 vil få nærare informasjon etter kvart som vi veit meir.

Ingen treng å ta kontakt med legekontor eller fastlege, kommunen vil få nødvendig oversikt over alle prioriterte grupper, og ta kontakt etter kvart som vaksineringa kan begynne i aktuell grupe.

Litt fakta om vaksinane:

  • Den vaksinen som truleg vert godkjent fyrst, må lagrast ved -75 °C før utsending til kommunane.
  • Når vaksinen vert køyrt ut til kommunane må den tinast opp, og er då haldbar i 5 døgn i kjøleskåpstemperatur. Tida går frå vaksinen vert teken ut frå sentralt lager. Kommunen har berre 5 døgn inkludert transporttid til å få brukt desse dosane.
  • Frå hetteglaset er opna og tilsett saltvatn, må dei 5 dosane takast i bruk i løpet av 6 timar.
  • Alle skal ha to dosar. Andre dose må setjast etter minst 21 dagar etter den fyrste. Når du får 1. vaksinedose får du samstundes timeavtale for 2. dose.

Folkehelseinstituttet har laga ei eiga temaside om ansvarsforhold og organisering av koronavaksinasjonsprogrammet i Norge, Koronavaksinasjonsprogrammet - FHI (fhi.no)


 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 18.12.2020