HeimNyhendeUtviding av Austfjordvegen mellom Einestrand og Sørkvingo

Utviding av Austfjordvegen mellom Einestrand og Sørkvingo

Heimesida melde den 6.09.2019 at oppstart av arbeidet vart utsett til 9. september 2019 og skulle vare fram til 31. desember 2019. No har altså Statens vegvesen oppdatert tidlegare informasjon med at arbeidet kjem til å vare fram til 30. juni 2020.

 

Det vert same tilleggsopplysningar som tidlegare:

Arbeidet skal skje kvardagar mellom kl. 07.00 og kl. 19.00.

Ved sprenging kan vegen bli stengd i inntil 30 min. Stengetidene vert tilpassa slik at buss i rute kan passera. Utrykkingskøyretøy under utrykking får passera med kortast mogeleg venting. Det vert oppmoda om å ringa VTS/eventuellt stadansvarleg Vestervik på tlf. 91383606  /Kvingedal på tlf. 99382209 i førevegen.

Utviding av vegen er ein del av Nordhordlandspakken rammetiltak nr. 1 og 2 for Fv 570. Det er Frode Haugsvær Maskin A/S som står som entreprenør og ansvarlig for arbeidet.


Tekst: Frode Vee-Haugen/ Arve Johannes Løtveit, Statens vegvesen.


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 12.12.2019