HjemNyhendeUtlån når biblioteket er stengt

Utlån når biblioteket er stengt

Då bestiller du ved å sende e-post til folkebibl@masfjorden.kommune.no
eller ringe 56166420. Melding på telefon 41556442 går og.

Om bøkene er inne, blir dei lagde i pose med namn som han hentast utanfor inngangen til biblioteket på Nordbygda skule onsdag og fredag denne veka, torsdag på Matre skule. På Sandnes kan dei hentast like innanfor døra på Sandnesbutikken onsdag eller fredag. Du får melding om bøkene er inne og klare til henting.

Bøkene må hentast mellom kl. 11 og 14. På Sandnes mellom 16 og 18. Vi tek ikkje mot bøker du har lånt. Fjernlån er heller ikkje mogeleg sidan fjernlånet  mellom biblioteka er stengt. Minner òg om at det på Sandnes og Andvik er ei hylle med bøker frå Bokbåten som kan lånast

Dette tiltaket er i samråd med Fylkesbiblioteket som igjen følgjer råd frå Folkehelseinstituttet i høve til smittespreiing. Det vil bli teke omsyn til smittespreiing og elles brukt hanskar når bøkene blir handterte.


Tekst: Kjellaug Bolset Strand, biblioteksjef


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 01.04.2020