HjemNyhendeTV-aksjonen i år er digital

TV-aksjonen i år er digital

Aksjonsleiinga frå v. Torill Torsvik Størkersen, Karstein Totland og Camilla Hjelmeland. Erlend Kvamsdal var ikkje tilstades på bilete.

Kvar person, kvart lag, kvar bedrift, kvar skule, kvar skuleklasse - nær sagt kvar av alt og alle, kan lage ei digital bøsse.

Slik lagar du ei digital bøsse:

  1. Gå inn på blimed.no
  2. Trykk «bli (digital) bøssebærer»
  3. Fyll ut skjema og trykk «registrer»
  4. Få eit svar på e-post med lenke til din/dykkar digitale bøsse. Du vil og få informasjon om korleis endre namn og bilete på bøssa

Om du ikkje vil lage di eiga, kan du bruke kommunen si digitale bøsse(www.spleis.no).

Innsamling på bøssene skjer frå 5. oktober fram til aksjonsdagen 18. oktober.
Bøssa vil vere open for bidrag til 1. november.

Du kan også lese meir om TV-aksjonen på heimesida til kommunen:
Eit hav av mogelegheit – TV-aksjonen 2020


Helsing kommuneaksjonsleiinga
v/Ordførar Karstein Totland
Torill Torsvik Størkersen
Erlend Kvamsdal
Camilla Hjelmeland

Foto: Mary Hope


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 06.10.2020