HjemNyhendeTre nye er påvist koronasmitta i dag

Tre nye er påvist koronasmitta i dag

Smittesporing vert gjennomført, dei tre personane  er i isolasjon, og aktuelle nærkontaktar er orientert og nødvendige tiltak er iverksett. Me kjenner framleis ikkje smittevegane til alle personane som har fått påvist koronavirus. Difor går me framleis breitt ut og ber alle om å vere merksame på symptom. Viss du får symptom må du halde deg heime og teste deg.

Me minner om dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest. Denne tenesta er tilgjengeleg frå måndag morgon klokka 09.00.

 

Tekst: Rolf Martin Tande, kommuneoverlege og smittevernlege


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 10.07.2021