HjemNyhendeTrafikksikker kommune

Trafikksikker kommune

I godkjenningsmøtet med rådmannen og ulike leiarar og andre representanter frå kommunenvart det slått fast at kommunen no tilfredsstiller kriteriene for å verta godkjent som trafikksikker kommune. 

Under møtet fekk dei ulike sektorene i kommunen presentere sitt trafikktryggleiksarbeid, og dokumentasjonen dei har levert for at kommunen skulle verta godkjent.

Trafikksikker kommune

Trafikksikker kommune: Som bevis på at kommunen no er godkjent som trafikksikker kommune overrekte Trygg trafikk plakettar som ein vil finna att på veggen på barnehagar og skular i Masfjorden, og utanfor kommunehuset. I tillegg fekk kommunen aktivitetshefter til skulane og barnehagane. Fv: Roald Kvingedal, Maja Aven Dahle, Svein Helge Hofslundsengen, Sveinung Toft, Rita Ludvigsen, Solveig Grimsland, Audun Heggestad, Geir Follesø, Knut Olav Nestås. 


Trygg Trafikk kom med gode tilbakemeldinger på arbeidet som gjort og godkjente Masfjorden kommune for 3 år.

Kva er trafikksikker kommune og kva betyr dette for oss?

Trafikksikker kommune er ei godkjenningsordning i regi av Trygg Trafikk. Kriteriene denne ordninga har tek utgangspunkt i lover og forskrifter kommunen er pålagt å følgje, og bidrar til ei systematisering av dette trafikksikkerheitsarbeidet.

Trafikksikker kommune

Ifølge Trygg Trafikk er trafikksikker kommune eit kvalitetsstempel som viser at kommunen jobbar systematisk, heilskapeleg og har gode rutiner og planer for sitt trafikksikkerheitsarbeid.

Trafikksikker kommune

God stemning: Trygg trafikk kom med blomster og gratulasjonar.
Spesialrådgjevar Audun Heggestad, spesialrådgjevar Unni Knutli og regionleiar for Vestland Knut Olav Nestås møtte frå Trygg trafikk. Frå Masfjorden kommune: Rådmann Svein Helge Hofslundsengen, assisterande rådmann Sveinung Toft, pleie- og omsorgsleiar Oddvin Arne Neset, leiar for helseavdelinga Ida Eide, oppvekstleiar Rita Ludvigsen, teknisk sjef Roald Kvingedal, rektor Geir Follesø, barnehagestyrar Maja Aven Dahle, informasjonskonsulent Sigrun Haugsdal Reknes, hovudverneombod Solveig Grimsland. 

 

Som trafikksikker kommune har Masfjorden kommune eit spesielt ansvar for å ivareta trafikktryggleiken for innbyggjarar, besøkande og næringsdrivande i kommunen.

Det at me no er godkjent som trafikksikker kommune betyr ikkje at det ikkje kan skje ulykker i kommunen vår, men det viser at me jobber systematisk for at det ikkje skal skje.

Kva kriterier må oppfyllast for å verta godkjent?

For å bli godkjent som Trafikksikker kommune stiller Trygg trafikk ei rekkje krav til dokumentasjon og rutinar som skal vere på plass. Det er krav til rutiner for korleis barnehagane og skulane skal ferdast ute på tur, dokumentasjon på korles det vert jobba med trafikkopplæring,  og korleis ein samarbeider med føresette med meir.

Full liste over kriterier vil du kunna lesa på Trygg Trafikk si nettside. 

 

 

Tekst: Sveinung Toft, assisterande rådmann
Bilder: Sigrun Haugsdal Reknes, informasjonskonsulent


Sist oppdatert: 06.09.2023
Publisert: 06.09.2023