HjemNyhendeLyser ut tilskotsordningar innan integrering og inkludering

Lyser ut tilskotsordningar innan integrering og inkludering

Kommunar, offentlege og private verksemder og frivillige organisasjonar/institusjonar i Vestland kan søke på dei ulike ordningane. Dei to første tilskota har som mål å auka sjansen innvandrarane har til å få jobb og bli økonomisk sjølvstendige. Den tredje ordninga har som mål å bidra til auka samfunnsdeltaking.

1. Tilskot til etablereropplæring for innvandrarar

Etablereropplæring skal gi kunnskap om korleis ein kan starte eiga bedrift. Her kan kommunar, fylkeskommune, offentlege og private verksemder, i tillegg til frivillige organisasjonar, søkje. Samla tilskotspott er på kr. 630.000.
Til søknadsskjema og meir informasjon (www.vestlandfylke.no)

2. Tilskot til mentor- og traineeordningar for innvandrarar

Mentor- og traineeordning skal gi moglegheiter for høgt utdanna innvandrarar til å etablere nettverk og få jobb gjennom til dømes mentor- eller traineeprogram. Søkjarar kan vere kommunar, offentlege og private verksemder og frivillige organisasjonar. Samla tilskotspott er på kr. 1.020.000.
Til søknadsskjema og meir informasjon (www.vestlandfylke.no)

3. Tilskot til inkludering og mangfald

Tilskot til inkludering og mangfald skal bidra til å motverke utanforskap, og stimulere til variasjon og mangfald i tilbod og aktivitetar. Frivillige organisasjonar med demokratisk oppbygging, og institusjonar som arbeider innan inkludering og mangfald på regionalt nivå, og har store deler av Vestland som sitt arbeidsområde, kan søkje. Samla tilskotspott er på kr. 880.000.
Til søknadsskjema og meir informasjon (www.vestlandfylke.no)

 

Tekst: Vestland fylkeskommune, Kultur, idrett og inkludering


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 29.01.2021