HjemNyhendeTilla var 100 år på laurdag

Tilla var 100 år på laurdag

Tilla Duesund med ordføraren

Ordføraren gjorde stas på jubilanten med blomar, blautkake og diktopplesing denne flotte sommarkvelden.

Kommunen gratulerer jubilanten med dette diktet av Haldis Moren Vesaas som også blei lest opp av ordføraren på jubileumsdagen:

Å vere i livet

av Haldis Moren Vesaas

Dette: å vere i livet, open for alt ikring,
bunden med sterke røter til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender i omsorg som aldri svik,
var det som ga meining til ferda di og let deg få kjenne deg rik.

Og den som er rik vil ha seg eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne kjem innom dørene der
og aukar den rikdom som finst der før med alt det dei sjølve er.

Fattig var du om aldri i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.

 

 

Tekst: Frode Vee-Haugen
Foto: Toralf Duesund


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 02.07.2019