HjemNyhendeKoronavaksinering i Masfjorden frå veke 47

Koronavaksinering i Masfjorden frå veke 47

Viktig å merka seg:

  • Regjeringa har bestemt å tilby ei oppfriskingsdose (boosterdose) til dei over 65 år og helsepersonell.
  • Tilbod om 3. dose gjeld for aldersgruppa 65 år og oppover samt helsepersonell.
  • Den tredje dosen kan tidlegast bli gitt 6 månader etter at du har fått den andre vaksinedosen.
  • Om du er 65 år eller eldre, og fekk 2. dose med koronavaksine i veke 21 eller tidlegare , kan du møte opp for 3. dose i veke 47, evt. 14. desember.
  • For deg som fekk 2. dose i veke 22 til og med veke 24 vil det vere tilbod om 3. dose med koronavaksine 14. desember ved det gamle legekontoret i Nordbygda.
  • Dersom du ynskjer 1. eller 2. dose med koronavaksine kan du også møte på ein av desse dagane.
  • Det er ingen timebestilling og vaksinen er gratis.

Det vert koronavaksinering:

  • Matre, gymsalen på Matre skule: Måndag 22. november kl. 10.00 – 13.00  
  • Sandnes, Fjon grendahus: Tysdag 23. november kl. 10.00 – 13.00.
  • Nordbygda, gamle legekontoret: Onsdag 24. november kl. 10.00 -13.00
  • Nordbygda, gamle legekontoret: Tysdag 14. desember kl. 09.00 – 13.00

Ein kan lese meir på heimesida til kommunen eller på Folkehelseinstituttet sine sider.

Ved spørsmål ta kontakt med Masfjorden helsestasjon: 56166314 / 56166313. Masfjorden legekontor tlf. 56166300.
 

 

Tekst: Malin Daae Steine, leiar for helseavdelinga


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 10.11.2021