HjemNyhendeTil topps i Hordablæsten

Til topps i Hordablæsten

 

Rundt 50 korps og meir enn 2000 musikantar var samla i Bergen og Grieghallen denne helga. Det vart gjennomført konkurranse for skulekorps, ensemble og solistar. Nordbygda Brekke samarbeidskorps har den siste tida spelt saman med nettopp Hordablæsten som mål. I konkurransen stilte dei i klassen for generasjonskorps saman med fem andre korps frå fylket. I eit generasjonskorps kan også vaksne vera med, og saman leverte dei 37 musikantane ein strålande konsert for publikummet i Peer Gynt-salen.

Korpset starta med ein feiande frisk marsj før dei spelte ein nydeleg ballade med solistar på euphonium og trombone. Til avslutning framførte dei eit litt større stykke, Luna, av Haakon Esplo. Korpset briljerte med sikre framføringar med stor og god klang.

Ingen tvil om at dette samarbeidet har vore fruktbart!

-Å spele i korps er å arbeida mot felles mål, og det er tilfredsstillande å kunne nyte kjensla av å kunne nå målet vårt, seier dirigent for korpset Inger Marie Håheim Tynning. - Laurdag var vi der og alle kunne nyte ein flott prestasjon på scena.

 

Sandnes skulemusikk deltok i 3. divisjon brass og i konkurranse med 13 andre korps oppnådde det unge mannskapet med ein snittalder på 11 år ein solid 8. plass etter ein flott gjennomført konsert under leiing av Joacim Gjerdevik.

Tre  musikantar frå Nordbygda skulekorps og fem musikantar frå Sandnes skulemusikk var i elden på solistkonkurransen laurdagen. Rundt 20 solistar deltok i kvar årsklasse, og  her kom to masfjordmusikantar «på pallen». I yngste klasse oppnådde Sofie Ekren (althorn) ein flott 3. plass og i klasse f. 2012 gjekk Sanna Kvinge (kornett) heilt til topps etter ei fabelaktig og virtuos framføring av The Ash Grove, akkompagnert av Jørn Skauge.

 

Sanna

Tekst : Frank Kvinge

Foto: Sigrun H. Reknes og Åshild Skuggedal


Sist oppdatert: 17.04.2023
Publisert: 17.04.2023