HjemNyhendeTil foreldre og føresette i Masfjorden kommune om korona-krisa

Til foreldre og føresette i Masfjorden kommune om korona-krisa

Vi veit at den nye kvardagen er krevjande, og at mange gjer eit godt arbeid.

Treng du nokon å snakke med?

Synes du og/eller barna dine at kvardagen er vanskeleg og har behov for å snakke med nokon?

Det finst mange hjelpetelefonar, som særleg rettar seg mot barn og unge:

  • Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
  • Mental helse ungdom: 116 123
  • Kors på halsen: 800 33 321
  • Kirkens SOS: 22 40 04 40
  • Rustelefonen: 08588

Stengt til over påske

Regjeringa har forlenga tiltaka som skal avgrense smitte og redusere trykket på helsetenesta vår. Dette betyr at skular og barnehagar skal vere stengt til over påske - til og med måndag 13. april.

Perioden kan bli forlenga.

Kven har rett på tilbod?

Dersom begge føresette har arbeid med samfunnskritisk oppgåver, eller du er eineforsørgjar med eit slikt arbeid, har du rett til å ha barna i barnehage og skule.

Har du barn med særskilde omsorgsbehov, som ikkje kan ivaretakast når barnehage og skule er stengt, kan du også ha rett til eit tilbod.

Ta kontakt med styrar eller rektor om du har eit behov og fyller eitt av desse kriteria.

Eksamen er avlyst

Alle skriftlege og munnlege eksamenar for 10. trinn våren 2020 er avlyst. Dette får ingen konsekvensar for elevane sin vidare skulegang.

Skulane skal no prioritere å sikre vurderingsgrunnlag og leggje opp arbeidet slik at elevane kan få standpunktkarakter i alle avgangsfag.

Betaling

Du skal ikkje betale for SFO og barnehage så lenge det ordinære tilbodet er stengt. Det same gjeld for deg som har eit tilbod i barnehagen og på skulen desse vekene.

Hald deg oppdatert

På nettsida vår https://www.masfjorden.kommune.no/ finn du nytt som gjeld Masfjorden kommune.

Her finn du også oppdatert informasjon:

Vi oppmodar alle om å ta vare på kvarandre. Hald avstand – og hald kontakt på telefon og internett!

 

Tekst: Rita Ludvigsen, oppvekstleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 26.03.2020