HeimNyhendeTil elevar, føresette i kulturskulen og andre brukarar

Til elevar, føresette i kulturskulen og andre brukarar

Som de kjenner til vart alle skular og barnehagar i landet stengt frå i går kl. 18.00 for undervisning, for å avgrensa smitte av  koronavirus. Dette gjeld også all undervisning i Masfjorden kulturskule, frå 1- til- ein undervisning til undervisning i grupper, institusjonar, kor og korps. Tiltaket gjeld i første omgang to veker framover.

Alle kulturarrangement er avlyst i to veker framover.

Kor- og korpsaktivitet er avlyst til over påske, 14. april.

Det er viktig « å halda hjula i gang» så langt råd i denne heilt spesielle situasjonen. Elevane, heimane og laga vil over helga få tilsendt informasjon frå sin kulturskulelærar om oppgåver som det kan arbeidast med heime i  perioden skulen er stengt. Nokre lærarar ønskjer også å tilby eineundervisning gjennom digitale kanalar. Lærarane vil også vera disponible på telefon og epost.

Administrasjonen vil vera på jobb, anten heimefrå  eller på kommunehuset. Bruk gjerne epost eller telefon.

Me vil halda dykk oppdatert. Følg elles med på Masfjorden kommune si heimeside for ny informasjon, og informasjon frå sentralt hald.

Annan informasjon frå kulturskulen/ kultur.

I same farten minner me også om inn- og utmelding i kulturskulen for neste skuleår, der fristen er 13. april. Les meir her:
Inn- og utmelding 2020-21
Kulturskulen si heimeside

For laga er frist for å søkja kulturmidlar mm 1. april. Les om støtteordningane her:
Informasjon om kulturmidlar

Krav for elev- og lagsbetaling for vårhalvåret skulle sendast ut denne veka. Dette er utsett inntil vi veit det endelege omfanget av stengt kulturskule, og til vi får direktiv for korleis ein handterer betalingstilbod som vert råka.

Lev vel!



Tekst: Frank Kvinge, kulturskulerektor


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 13.03.2020