HeimNyhendeTidlegrøysting og manntal

Tidlegrøysting og manntal

Tidlegrøysting frå 1. juli til og med 9. august

I samband med kommunestyre- og fylkestingvalet 2019 vert det høve til å tidlegrøyste frå 1. juli og fram til den ordinær førehandsrøystinga startar 12. august. Røystestad og tidspunkt vert på kommunehuset mellom kl. 09:00-14:30. Det må leggast fram godkjent legitimasjon før ein får høve til å røyste.

Tidlegrøysting er meint som ei ordning for dei som ikkje har høve til å røyste innafor ordinær førehandsrøystingsperiode eller på valtinget. Dei som ønskjer å tidlegrøyste, må ta kontakt med kommunen på telefon 5616 6200 og avtale tidspunkt.

Utlegging av manntalet til offentleg ettersyn

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingvalet 2019 må du stå i manntalet. Du kan finne ut om du står i manntalet i Masfjorden kommune ved å kontrollere manntalslistene som vert lagt ut til offentleg ettersyn så snart som mogeleg etter 30. juni (skjæringsdato for manntalet). Manntalslistene ligg ute til og med 06. september.

Manntalet vert lagt ut på desse stadane:

Hosteland røystekrins:
Nordbygda senter, biblioteket og sjukeheimen

Masfjordnes røystekrins:
Kommunehuset, butikkane på Andvik og Kvingo

Matre røystekrins:
Biblioteket og butikken på Haugvær

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene, det er andre feil i listene eller du står oppført i feil krets, kan krav om retting (med grunngjeving) sendast skriftleg til valstyret i Masfjorden kommune, post@masfjorden.kommune.no eller Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes.

Melder du flytting etter 30. juni, må du kontrollere manntalet og røyste i den kommunen du flytta frå.


Sist oppdatert: 22.05.2019
Publisert: 16.05.2019