HeimNyhendeTid for å søkja om kulturmidlar

Tid for å søkja om kulturmidlar

Kulturmidlar

Kulturmidlar er driftstilskottildelt lag og organisasjonar.
Elektronisk søknadsskjema for kulturmidlar på heimesida under «Skjema og digital post».
Alle søkjarar må senda inn årsmelding og rekneskap som vedlegg til søknaden.
Det er sett av kr 160 000 over kulturbudsjettet til driftstilskot for 2019.

Særskilde kulturtiltak

20% av summen som er sett av til kulturmidlar er øyremerkt særskilde kulturtiltak.  Arrangør av slike kulturtiltak kan gjennom året søkja tilskot frå desse midlane.
Gje ein kort presentasjon av tiltaket inkludert budsjett.
Ein nyttar same elektroniske  skjema som til kulturmidlar, men hakar av for at søknaden gjeld særskilde kulturtiltak på s.2.

Kulturtiltakstiltaksmidlar

Dette er midlar som skal stimulera lokalt næringsliv, lagsliv og andre aktørar til å stå som kulturarrangør, slik at ein i kommunen kan tilby varierte og gode kulturopplevingar.  Det er sett av kr  100 000 over Kraftfondbudsjettet til slike tiltak for 2019.

Elektronisk søknadsskjema på heimesida under «Skjema og digital post».  Ein nyttar same digitale skjema som til kulturmidlar, men hakar av for kulturtiltaksmidlar på s.2.

Vaksenopplæringsmidlar

Elektronisk søknadsskjema på heimesida under «Skjema og digital post». Ein søkjer vår og haust med fristar 01.04 og 01.10.

Kulturvernmidlar

Kommunen gjev tilskot til restaurering/istandsetjing av eldre bygningar, bygningsmiljø og andre kulturminne som ligg innan for Masfjorden kommune sine grenser. Eigarar av slike kulturminne kan søkja tilskot frå desse midlane.  Det er sett kr 50 000 til slike tiltak for 2019.

Elektronisk søknadsskjema på heimesida under «Skjema og digital post». 

Kandidat til kulturprisen

Har du framlegg til nokon som du meiner fortener kulturprisen? Målet med prisen er å gje ei utmerking til eit lag, ein organisasjon eller ein privatperson som har gjort ein stor innsats innan kunst- og kulturlivet i kommunen. Prisen skal stimulera til auka engasjement for frivillig arbeid.

Send forslag innan 1. april til
Masfjorden kommune
Austfjordvegen 2724
5981 Masfjordnes
post@masfjorden.kommune.no


Sist oppdatert: 01.03.2019
Publisert: 08.02.2019