HeimNyhendeTelenor legg ned telefonsentral i kommunen

Telenor legg ned telefonsentral i kommunen

I vedlegg til brevet er det opplyst at telefonsentralen på Masfjordnes vert lagt ned den 31.12.2020 og at stopp i feilretting alt blir gjennomført frå og med 1. mai 2019. I fyste omgang er det ikkje sett nokon dato for når dette vil skje med dei fire andre sentralane i kommunen.

Telenor opplyser i brevet at kundar med fasttelefon vil få tilbod om ein mobil heimetelefon/breibands-telefon, som er ein meir driftssikker og framtidsretta fasttelefon. Det er derfor ikkje slik at fasttelefonen vert borte, men vil halda fram i ein meir moderne utgåve.

Kundar med breiband vil også få tilbod om eit erstatningsprodukt, avhengig av kva slags tenester som er tilgjengelige på kunden si adresse. Det kan være at nokre få ikkje får erstatningstilbod for breiband.

Telenor varslar også at det ikkje er sikkert at driftsmessige feil på koparnettet i dei andre sentralane vil blir retta. Desse  vil da få tilbod om det same erstatningsproduktet som for den sentralen som vert lagt ned.

Vidare opplyser Telenor at dei gjerne stiller opp til eit informasjonsmøte der det kan leggast til rette for å diskutere sjansen for vidare utbygging, anten ei rein kommersiell utbygging eller utbygging med tilskot frå stat, fylke og/eller kommune.

Kommunen vil koma attende med meir opplysning om eit slikt informasjonsmøte vert aktuelt.

Her kan du lese heile brevet frå Telenor (pdf)

 

Tekst: Frode Vee-Haugen


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 07.03.2019