HjemNyhendeTi lag og organisasjonar får straumkompensasjon etter straumstøtteordninga

Ti lag og organisasjonar får straumkompensasjon etter straumstøtteordninga

Midlane skal kompensera for deler av meirkostnadane lag og organisasjonar har hatt i straumutgifter i perioden desember-mars, og skal mellom anna motverka at dei høge straumprisane fører til redusert aktivitet.

Då fristen gjekk ut 15.03.22 var det kome inn 10 søknader. Basert på dei statlege retningslinene gjev søknadane samla sett rett på kr 37834 i straumkompensasjonsmidlar.

Desse har fått stønad etter søknad:
Risnes IL/Guma
Haugsvær bedehus
Sleire grendahus
Granneheimen
Solheim grendahus
Fjon UIL/Fjon grendahus
Kvinge grendalag/Skulehuset
Haugsdal grendahus
Molland skulehus
Nordbygda samfunnshus

Midlane vert utbetalt til søkjarane i mars.

Straumstøtteordninga vil verta forlenga til mars 2023. Regjeringa vil sjå på erfaringane frå første søknadsrunde og vurdera eventuelle behov for forenklingar i søknadsprosessen. Kommunen vil gå ut med ny informasjon når denne er klar.


Tekst: Frank Kvinge, kulturskulerektor, fagleiar kultur


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 21.03.2022