HjemNyhendeStatusrapport om koronapandemien

Statusrapport om koronapandemien

Me har testa ca. 40 personar, dei fleste av helsepersonell, der alle testane er negative. Dette er me svært glad for. Sjølv om me ikkje har noko tilfelle i kommunen, er me førebudd på at det også kan komme til oss.

Me har sidan Korona kom til landet, arbeidd med rutinar og prosedyrar for smittevern etter råd og retningsliner frå helsemyndigheitene. Det har vore mykje digital møteverksemd i den kommunale kriseleiinga, der blant anna vedtak og skriv frå helsemyndigheitene har blitt drøfta.

I helse og pleie og omsorg arbeider me for å lage gode tiltak og rutinar for å hindre generell smitte og for å verne dei eldre og andre i risikogruppa. Eit av tiltaka er at sjukeheimen er stengt for besøkande og aktivitetar. For at bebuarar skal kunne betre halde kontakt med sine har sjukeheimen fått på plass nettbrett, og enkelte har allereie prøvd dette. Det er sjølvsagt ikkje det same som å få besøk av sine, men me håpar det kan gjere det litt lettare i denne tida. Ynskjer du å snakke med nokon som bur på sjukeheimen på videosamtale er det berre å ringe sjukeheimen og avtale tid.

Me ynskjer alle ei fortsett god påske og oppmodar alle til å halde fram den gode innsatsen de gjer med god hoste- og handhygiene og å holde god avstand.

 

Tekst: Malin Daae Steine, konstituert leiar for helse og omsorg


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 12.04.2020