HjemNyhendeStatusrapport nr. 2 om koronapandemien i Masfjorden

Statusrapport nr. 2 om koronapandemien i Masfjorden

Merking av drikkekoppar i Indre Masfjorden barnehage

Smitte og smittetiltak – status per 22. april

Det er framleis ikkje påvist smitte av Covid 19 i Masfjorden kommune. Me har til no testa om lag 45 personar. Me følgjer dei nasjonale retningslinjene for testing, som fram til no har vore avgrensa til blant anna helsepersonell og personar i risikogruppa. Etter at barnehagane opna er testkriteria utvida til også å gjelde barn, elevar og tilsette i barnehagar, skule og skulefritidsordning. Dette er eit av tiltaka for å sikre at gjenopninga skal skje på ein forsvarleg måte.
Her kan ein lese testkriteria (www.fhi.no)

Den kommunale kriseleiinga

Den kommunale kriseleiinga har hatt faste møter heilt sidan koronautbrotet vart ei nasjonal krise den 12. mars. Vedtak og skriv frå helsemyndigheitene har blitt drøfta og det er gjort mange store og små tiltak for å avgrense faren for smittespreiing.

Barnehagane opna igjen den 20. april - opplæring i smittevern er gjennomført

Alle barnehagane opna måndag 20. april, og denne dagen gjekk fint.

Fredag 17. april gjennomførte helsesjukepleiarane i Masfjorden opplæring  i smittevern for tilsette i barnehagane. Dei reiste rundt og hadde kurs i mindre grupper, og kursa baserte seg på retningslinjene for smittevern som Utdanningsdirektoratet har laga til. Her kan ein lese:
Retningslinene for smittevern (www.udir.no)

Barnehagane har førebudd opninga grundig og organisert seg slik at smittepresset skal vera så lågt som mogeleg.  Barna vil få opplæring i god hand – og hostehygiene, og det vert organisert faste små grupper som skal ha minst mogeleg kontakt med andre grupper.

Barneskulane opnar 27. april for elevar i 1. til 4. klasse

Regjeringa har vedteke at frå måndag 27. april skal elevar i 1. til 4. klasse tilbake på skulen. Alle barneskulane i Masfjorden vil difor opna igjen måndag 27. april.

Onsdag 22. april gjennomførte helsesjukepleiarane i kommunen  opplæring i smitteverntiltak for tilsette på alle skulane. Kursa baserer seg på retningslinjene for smittevern som Utdanningsdirektoratet har laga til. Her kan ein lese: Retningslinene for smittevern (www.udir.no)

Skulane vil førebu opninga godt, slik at smittepresset skal vera så lågt som mogeleg. Barna vil få opplæring i god hand – og hostehygiene, og det vert organisert faste mindre grupper som skal ha minst mogeleg kontakt med andre grupper.

Framleis gjeld følgjande opplegg:

  • Heimeskule for elevar frå 5.-10. trinn. Elever frå og med 5. trinn vil framleis ha heimeskule etter 27. april.  
  • Barn i risikogruppe eller som har familiemedlemmer i same husstand som er i risikogruppa, vil fortsett få tilbod om heimeundervisning.

Kulturskulen opnar igjen den 27. april

Kulturskulen opnar opp att måndag 27. april. Det vil koma ut eigen informasjon frå kulturskulerektor Frank Kvinge til alle føresette og brukarar som nyttar kulturskuletilbod. Det vil verta lagt vekt på gode smitteverntiltak og undervisning berre i mindre grupper(maksimum 4 elever) eller med einskild elevar. Smitteverntiltaka blir utarbeida i samarbeid med grunnskulane i kommunen med tanke på at det er same elevar ein møter i grunn- og kulturskule.

Det er og opna opp for at kor og korps kan ha fellesøvingar igjen. Øvingar kan gjennomførast med maksimalt 30 personar til stades og med to meter avstand mellom kvar person. Øvingslokalet må vera stort nok  og dei same smitteverntiltaka gjeld her som for kulturskuleaktivitet. Sjå:
Rettleiar for musikkøvingar (www.musikk.no)

Legekontoret

Den første tida etter at pandemien kom til landet var det avgrensa oppmøte på legekontoret, og vanlege timeavtalar gjekk ut dersom dei ikkje var naudsynte av helsemessige årsaker. Konsultasjonar og oppfølging mellom lege og pasient føregjekk mykje over telefon. Dette for å hindre smittespreiing og for å kunne handtere oppgåver og spørsmål  knytt til korona. Etter kvart har situasjonen endra seg, og ein har gradvis kunna auka opp med vanlege konsultasjonar igjen. Legekontoret har framleis stor fokus på smittevernstiltak, der eit av tiltaka er å  avgrensa samling av pasientar på venterommet. Pasientar venter i bilen og blir kalla inn når legen er klar for konsultasjon.

I løpet av mai tek legekontoret sikte på å flytta inn  i Fensfjordbygget. Flytteprosessen er i  gang, og deler av utstyret er allereie flytta. Legekontoret ber difor preg av å vere i flytteprosess, med litt kassar og utstyr stabla rundt omkring.

Endeleg flyttedato vil bli annonsert, og dei som har timeavtalar inn mot flyttedagen, vil bli kontakta for avklaring om oppmøtestad.

Pleie og omsorg

I pleie og omsorg har kommunen arbeidd for å lage gode tiltak og rutinar for å hindre generell smitte, og for å verne dei eldre og andre i risikogruppa. Eit av dei første tiltaka var å stenge sjukeheimen for besøkande og aktivitetar, og dette er eit tiltak ein må fortsetja med.

For at bebuarar skal kunne  halde god kontakt med sine pårørande, har sjukeheimen fått på plass nettbrett, og fleire har allereie prøvd dette. Her kan sjukeheimen tilby Skype og Messenger, slik at ein kan samtale med video. Det er sjølvsagt ikkje det same som å få besøk av sine eigne, men ein håpar det kan gjere det sosiale livet litt betre på den måten. Ynskjer personar å snakke med nokon som bur på sjukeheimen gjennom videosamtale, er det berre å ringe sjukeheimen og avtale tid.

Psykisk helse

Psykisk helse har vore i vanleg drift heile tida under pandemien, men  mykje kontakt har skjedd via telefonsamtalar. Dersom du treng nokon å snakka med, ta kontakt med:

Dag Haarklau: 56166324, e-post: dag.haarklau@masfjorden.kommune.no

Monica Rongved: 56166322, e-post: monica.rongved@masfjorden.kommune.no

Gravferd (oppdat. 06.05.20)

No under koronautbrotet er det restriksjonar i samband med gravferder:

  • Berre næraste familie får delta, avgrensa til 25 personar. Frå og med veke 20 avgrensa til 50 personar.
  • Folk som er i karantene, eller har symptom på luftvegsinfeksjonar kan ikkje delta
  • Folk kan ikkje handhelse eller klemme
  • Alle må halde 1 meters regelen mellom folk både  inne og ute.
  • Deltakarliste: Det må føres liste med namn og tlf. nr. over alle som deltar under gravferda. (med tanke på evt. smitteoppsporing).
  • Det må skrivast i gravferdsannonsa at gravferda er avgrensa til næraste familie

Ved spørsmål knytt til dette ta kontakt med kyrkjeverge Eli Eidsnes på tlf: 56166261 eller e-post: kyrkjeverja@masfjorden.kommune.no

Tilsette

Rådmannen har og hatt dialog med hovudtillitsvalde i kommune om situasjonen knytt til koronautbrotet, og det er kommunisert ut at om situasjonen skulle endra seg, kan tilsette måtte ta på seg nye oppgåver om det vert naudsynt.

Økonomi

Vidare vil rådmannen orientere om at Masfjorden kommune ser ut til å få store inntektsreduksjonar i 2020 på grunn av koronautbrotet. Det skuldast både redusert skatteinngang og på grunn av låg kraftpris knytt til sal av konsesjonskraft. Dette vil medføra store utfordringar knytt til å halda budsjettet i 2020. Å takla dei økonomiske utfordringane vil i tillegg til koronautbrotet vera ei prioritert oppgåve framover.

Oppmoding til våre innbyggjarar

Masfjorden kommune vil  oppmode alle våre innbyggjarar og tilreisande om å halde fram med dei gode smittevernrutinane som er iverksett for å hindre smittespreiing.

Alle vert og oppmoda om å halda seg oppdatert på heimesida til kommunen, og dei nasjonale nettsidene til folkehelseinstituttet:
Folkehelseinstituttet si side om korona (www.fhi.no)
Helsenorge (helsenorge.no/koronavirus)

Begge desse nasjonale nettsidene har mykje god og nyttig informasjon til innbyggarane, og vert raskt oppdatert ved endringar.


 

Tekst: Svein Helge Hofslundsengen, rådmann
Foto: Maja Aven Dahle


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 23.04.2020