HjemNyhendeFem er no påvist med koronasmitte, 35 i karantene

Fem er no påvist med koronasmitte, 35 i karantene

Smittesporing vert gjennomført, dei fem personane  er i isolasjon, og aktuelle nærkontaktar er orientert og nødvendige tiltak er iverksett. Til saman 35 personar i kommunen er sett i karantene. Dei smitta har i hovudsak tilknyting til Indrefjorden med forgreiningar til Gulen og Bergen kommunar, samt anna stad i Masfjorden kommune.

Me kjenner framleis ikkje smittevegane til alle personane som har fått påvist koronavirus. Me går difor framleis breitt ut og ber alle om å vere merksame på symptom. Viss du får symptom må du halde deg heime og teste deg.  Det har vist seg at symptoma hjå fleire av dei smitta er svært avgrensa/svake.

Me minner om dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har også har små eller diffuse luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest. Denne tenesta er tilgjengeleg frå måndag morgon klokka 09.00.

 

Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 12.07.2021