HeimNyhendeElin Alver har sommarutstilling i Fargeriet på Masfjordnes

Elin Alver har sommarutstilling i Fargeriet på Masfjordnes

I tillegg til utstillinga på "Tørkeloftet" stiller ho også ut på Sandneskaféen.

Elin har arbeidd som kunsthandverkar i meir enn 30 år. Ho har atelier i Knarvik. Elin arbeider med tekstilar/biletvev, filtarbeid, smykke, materialbilete og steinmosaikk. Ho stiller også ut eit utval akvarellar.

I vev-arbeida hennar står både tradisjon og fornying sentralt. Ho har eit solid grunnlag i norsk vev- og handverkstradisjon, men eksperimenterer også gjerne med nye mønster, materialar og uttrykksformer.

Elin finn inspirasjon i naturen. Ho fortel:
«I tillegg til «det ytre liv», det som vi alle ser, har jorda også « eit indre liv» med stein, bergartar og mineral. For å oppdaga denne verda krevst det granskande blikk, eit auga innstilt på detaljar og eit barn sin nysgjerrigheit, forundring og begeistring. Det er denne begeistringa for naturen- både det ytre og den indre – som har gitt meg inspirasjon i arbeidet mitt.»
Sidan 1988 har Elin Alver hatt ei rekkje utstillingar over heile landet, og mange av arbeida hennar er kjøpt inn både i inn- og utland, også av kongehuset.

Dei fleste kunstverka i utstillinga er for sal.

Utstillinga er open laurdagar 12-16 og søndagar 14-17 i periodane

  • 6. juni - 18. juli
  • 7. august - 14. august

og elles etter avtale. Kontakt 97061230/ 97702476.

Opningstidene er samanfallande med opningstidene på Sandneskaféen, så her kan besøk på utstillinga kombinerast med eit godt måltid.

Opning av sommarutstillinga  søndag  6. juni kl. 15.00
«Somewhere over the rainbow»- minikonsert i Sandnes kyrkje ved pianist Rune Alver
Presentasjon av sommarutstillinga ved Elin Alver
Gruppevis omvising på utstillinga
Servering og lett underhaldning på Sandneskaféen

Velkommen til ei vakker sommarutstilling!

 

Tekst og foto: Masfjorden kommune, kultur


Sist oppdatert: 27.05.2021
Publisert: 27.05.2021