HjemNyhendeSommarles 2019

Sommarles 2019

Bli med på Sommarles

Logo for SommarlesI 2018 var Masfjorden heilt i landstoppen med tal på deltakarar rekna prosentvis av elevtalet i kommunen.  Det satsar vi på i år òg.

Alle elevar i 1. til 7. klasse kan delta i Sommarles(inkl. dei som skal byrja i 1. til hausten og dei som går ut 7. klasse ved kampanjestart).

Barna vert løna for innsatsen både med digitale trofé på profilen sin på nettsida og med fysiske premiar som dei kan hente på biblioteket  etter kvart som dei kjem opp på nivå. Alle får minst éin premie. Men det er lesinga som er det viktigaste, ikkje premieringa! Alle kan vere med: superlesarar, gode lesarar, middels gode lesarar… men òg dei som treng litt hjelp eller er i ferd med å lære seg å lese (då kan barna bli lesne for eller høyre på lydbøker). Forsking frå England og USA viser at born som ikkje les noko i løpet av sommaren, misser opp til tre månader av lesekompetansen, mens born som les, taper minimalt

Lesekampanjen er i utgangspunktet nettbasert, dvs. barna registrerer bøker dei les, får lesetips, får tilgang på nettsida til ei spesialskriven fantasyforteljing skrive av forfattaren Mari Moen Holsve og kan få ekstrapoeng ved å svare på spørsmål knytt til denne.

 

Tekst: Kjellaug Bolset Strand, biblioteksjef


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 20.05.2019