HjemNyhendeSnevrar inn bru i Masfjorden

Snevrar inn bru i Masfjorden

Brua ligg mellom Straumsvika og Risnes, vest i Masfjorden. Bruforvaltarane i Vestland fylkeskommune har halde eit auge med denne brua lenge, og har vurdert ulike måtar å sikre brua fram til den vert forsterka eller skifta ut med ei ny bru. Stenginga av E39 ved Litle-Urdalstunnelen har pressa fram tiltak.

- Når E39 skal stengast ved Litle-Urdalstunnelen vil fv. 570 bli omkøyringsveg, og trafikken vil auke monaleg. Vi såg difor at det vart nødvendig å snevre inn køyrefelta på brua allereie komande helg, seier Jorunn Hillestad Sekse, leiar for Vedlikehald nord i Vestland fylkeskommune. Det er dei som har ansvar for bru- og kaivedlikehald i fylket.

Les heile pressemeldinga frå Vestland fylkeskommune (www.vestlandfylke.no)


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 17.06.2021