HjemNyhendeSkysstilbod mellom Hosteland og Duesund når ferja er på service

Skysstilbod mellom Hosteland og Duesund når ferja er på service

Skyssbåten Tornerose vil gå i rutene til Fjon-M når denne vert ute av drift frå og med tysdag 27.04 til og med torsdag 29.04.21.  Ferja er planlagt tilbake i normal drift i løpet av fredag 30.04.21.

Denne skyssbåten har hydraulisk landgang, og det gjev sikker om bord- og i landstigning for alle inkludert rørslehemma.

Tornerose har passasjerkapasitet på 48 passasjerar. Skyssbåten stiller med mannskap og førarar frå Fjon M som matrosar, både for å hjelpa til på båten og registrere turar og passasjerar.

Ferjeselskapet Wergeland stiller med ein 7 seter bil på kaien i Duesund, som vil  frakta passasjerar opp og ned til skyssbåten mellom Hosteland og Duesund på dagtid mellom klokka 08.05 - 14.55.

Pasientar som skal ha legetime/ fysikalsk time, eller skal  ha vaksine, skal har førsteprioritet med bilen, som på grunn av smittevernet ikkje kan ha passasjerar på alle sitjeplassane.
 
Køyringa vil starte klokka 08.05 frå ferjekaien på Duesund, og  siste bilen vil rekka skyssbåten som går klokka 14.55 frå Duesund til Masfjordnes.

Det vert og skysstilbod med bilen klokka 06.55 med tur frå Duesund til Hosteland og retur tilbake for dei som jobbar på sjukeheimen. Samt skysstilbod for kveldsvaktar klokka 21.50 frå Duesund og retur tilbake til kaien. Kontakttelefon for denne køyringa er skipstelefon for Fjon-M 959 62 767.


Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 22.04.2021