HjemNyhendeNAV vil sikre arbeidskraft til nødvendige oppgåver

NAV vil sikre arbeidskraft til nødvendige oppgåver

I tillegg til å informere verksemder i denne tida og å sikre at folk får ytingar og hjelp til livsopphald, har NAV også beredskapsansvar for å sikre arbeidskraft til nødvendige oppgåver i samfunnet vårt. - Vi er no i ein situasjon der viktige funksjonar og tenester er i ferd med å bli ramma av mangel på arbeidskraft grunna sjukdom, karantene, reiserestriksjonar og omsorgsoppgåver som tilsette må prioritere. Midt oppe i den verste krisa på arbeidsmarknaden nokon gong, finst mange ledige jobbar som må fyllast, seier Regionsleiar i NAV Nordhordland Jane Britt Daae. Spesielt helsesektor er eit område kor det er stort behov for ekstra hender. Regionsleiaren i NAV Nordhordland ber folk som er permitterte eller heilt ledige vurdere om ein slik jobb kan vere noko for dei.

Vi oppfordrar også alle verksemder som har ledige stillingar til å bruke kandidatsøket på www.arbeidsplassen.no og registrere inn stillingar der. Ein kan også be om direkte rekrutteringsbistand frå NAV. Dei arbeidsledige må fylle ut CV anten dei er arbeidsledig eller permittert. Økonomisk sett kan dei jobbe inntil 60 prosent og få utbetalt 40 prosent dagpengar ved sida av i heile permitteringsperioden om ikkje du som arbeidsgivar kallar deg tilbake til jobb.

Siste nytt i forhold til permittering og regelverk.
Arbeidsgjevar si meldeplikt til NAV om permittering.

Arbeidsgivar skal så tidleg som mogleg gje melding til NAV viss minst 10 arbeidstakarar vil bli permittert utan lønn, eller vil få si arbeidstid redusert med meir enn 50 prosent i veka, i mer enn fire veker. Denne meldinga kan du no sende digitalt til NAV. Arbeidsgjevar kan også nytte det digitale meldinga dersom det er færre enn 10 arbeidstakarar i bedrifta, om de ynskjer det. Sjå arbeidsmarknadslova § 8 og arbeidsmiljølova § 15-2 

Regjeringa har også oppheva dagpengeforskrifta § 6-3, slik at permitterte får dagpengar i påska:  Dei permitterte treng ikkje foreta seg noko og kan fylle ut meldekort som vanleg. Arbeidsgivarar treng ikkje lenger søke om dispensasjon frå særregelen knytt til permitteringar i høgtidene. Det er også opna for at dei permitterte kan få forskott på dagpengar. Dermed vil dei som har mista inntekta kunne få pengar raskt inn på konto, utan å måtte vente på at dagpengesøknaden blir behandla.

Viktige lenker:

Melding til NAV om permittering eller reduksjon i arbeidstid.
Dagpengar til permiterte i påska.
Forskot på dagpengar til permitterte
Informasjon til arbeidsgjevar som må permittere
Film for arbeidsgjevarar(vimeo.com)
Chat for arbeidsgjevarar
Kontakttelefonar for arbeidsgjevara i Nordhordland
Informasjon til sjølvstendig næringsdrivande  
Koronavirus – informasjon frå nav.no til arbeidssøkjarar(gjeld permitterte)

 

Pressemelding frå NAV Region Nordhordland


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 30.03.2020