HeimNyhendeRuteendringar for 2021 – utvida frist for innspel til Masfjorden kommune

Ruteendringar for 2021 – utvida frist for innspel til Masfjorden kommune

Alle innspel vil bli tatt med i den samla vurderinga og planlegginga av rutetilbodet. Gjennomføringa av endringar vil i hovudsak skje i samband med haustrutene i august.

Invitasjonsbrev frå Skyss/Kringom (pdf)

Skyss/Kringom ser det som ein føremon at kommunen tar ansvar for å koordinere innspel frå ulike interessentar og interessegrupper i eigen kommune, slik at ein i vidare planlegging i størst mogleg grad har ei samla prioritering om ønskja tiltak.  På bakgrunn av dette ber Masfjorden kommune om at dei som har synspunkt på noverande rutetilbod kjem med skriftleg tilbakemelding innan 24. november 2020 til post@masfjorden.kommune.no.  Kommunen vil på bakgrunn av innkomne merknader senda over ei samla prioritering av ønskja tiltak knytt til ruteendringar i 2021.


Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 24.11.2020
Publisert: 10.11.2020