HeimNyhende1. desember er røykvarslardagen

1. desember er røykvarslardagen

Visste du at røykvarslaren går ut på dato?

Røykvarslardagen 1. desember markerer starten på høgsesongen for brannar.
Det finst om lag 10 millionar røykvarslarar i norske heimar, men mange veit ikkje at dei har avgrensa levetid.
-Det mange er ikkje klar over er at røykvarslaren kan gå ut på dato. Elektronikken i røykvarslarar vert forringa over tid. I tillegg kan evna til å detektere røyk bli redusert som følgje av at støv og smuss samlar seg opp i  løpet av åra, seier administrerande direktør Rolf Sørtorp i Norsk brannvernforeining.

Kor gamle er røykvarslarane dine?

I ein undersøking gjennomført av Norstat i samband røykvarslardagen, seier halvparten at dei

Røykvarslarar bør normalt bytast ut etter at du har brukt dei i 8-10 år. Du bør derfor sjekke kor gamle røykvarslarane dine er og vurdere om det er på tide å bytte dei ut. Produksjonsdatoen finn du på baksida av røykvarslaren, seier avdelingsleiar for Nordhordland og Gulen brannførebyggjande avdeling(NGIB) Ole Johan Ingebrigtsen.

Røykvarslarar bør testast jamleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jamleg. Det bidrar til betre haldbarheit. Test alltid røykvarslaren når du kjem til hytta, batteriet kan ha gått tomt mens du var borte og du vil derfor ikkje få varsel om at det bør bytast.

Bør seriekople røykvarslarane

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg og du må ha minst ein varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

Du bør bruke seriekopla røykvarslarar, då vil alle varslarane pipe samtidig ved brann. Dette er spesielt viktig om bustaden din har fleire etasjar.

Hugs at røykvarslarar er EE-avfall som ikkje skal kastast i søpla. Gamle røykvarslarar kan leverast gratis til forhandlarar og til din lokale attvinningsstasjon.

Hjelp dine næraste å bytte

Så langt i år har 35 personar omkomne i brann i Noreg. Eldre med behov for hjelp, rusavhengige og menneske med psykiske helseproblem er særleg sårbare for brann. Tall frå DSB visar at 3 av 4 som omkjem i brann høyrer til desse gruppene.
-Risikoutsette grupper kan vere vanskelege å nå med vanleg informasjon. Derfor er vi avhengige av at dei pårørande tar eit ekstra ansvar. Sjekk om dine næraste har røykvarslar som fungerer og bytt batteri seier avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB.

Røykvarslardagen 1. desember er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, det lokale eltilsyn, Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), Norsk brannvernforeining og Gjensidige. Oppfordringa er å bruke dagen til å teste røykvarslarane og bytte batteri ved behov.

Her er og ein film om røykvarslardagen (www.youtube.com)


 

Tekst: Cathrine Lie, branningeniør NGIB  


Sist oppdatert: 01.12.2021
Publisert: 01.12.2021