HjemNyhendeKunngjering om mindre reguleringsendring av reguleringsplan for Liarinden

Kunngjering om mindre reguleringsendring av reguleringsplan for Liarinden

Formannskapet i Masfjorden kommune har i sak 089/20 i møte den 12.10.2020 gjort følgjande samrøystes vedtak:

Mindre reguleringsendring for Liarinden vert sendt på avgrensa høyring i medhald av plan og bygningslova sin § 12-14.3 ledd. Det vert vist til plankart og føresegner med brev dagsett 02.10.2020.

Planendringa gjeld endring i plankartet frå planeringshøgde til mønehøgde. Dei nye høgdene er vist innanfor byggjegrensene på alle dei aktuelle tomtene. I tillegg ønskjer ein å endre %-BYA for felta BF01 og BF02 frå 30 % til 35 %. Her er det planlagt einebustader. Endringa vil gje større fleksibilitet, sidan tomtene har ulik storleik.

Det vert vist til vedlagde pdf-dokument som viser endringane:

På bakgrunn av dette ber me om at eventuelle merknader på reguleringsendringa vert sendt til Masfjorden kommune innan 23. november 2020, til post@masfjorden.kommune.no, eller per brev til Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 27.10.2020