HjemNyhendeRegistrert smitte i kommunen per 21.februar

Registrert smitte i kommunen per 21.februar

Dette er innbyggjarar som har registrert seg sjølv etter positiv sjølvtest. Veka før var talet 40, og fyrste veka i februar var det 25 registrert smitta.
Fleire av kommunen sine tenesteområde har utfordringar med stort fråvær på grunn av at mange tilsette er sjuke, eller er heime med sjuke born.
Me oppmodar innbyggjarane om å vera særleg merksame på symptom frå luftvegane, og ta sjølvtest om du kjenner symptom. Me har god tilgang på sjølvtestar.

Les meir om kvar du kan hente sjølvtestar her: Masfjorden kommune - Korona - sjølvtest
Me minner elles om dei smitteførebyggjande råda: Hald avstand til dei som ikkje er dine nærkontaktar, sørg for god handhygiene og ver heime ved luftvegssymptom.

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 23.02.2022